Farleg å sykle i mørkeret

Journalen har sjekka om syklistane bruker lys.
Fredag, 6 november, 2015 - 09:49


Torggata er den einaste sykkelprioriterte gata i Oslo. Ho er soleis ei naturleg fartsåre for syklistar til og frå sentrum. No som nettene blir lange, er det ekstra viktig å sjekke at lys og refleks er i orden når ein skal ferdes trygt i trafikken.

– Ein veit ikkje heilt kor mørkt det er før ein har vore ute og køyrt bil. Det er nesten umogleg å sjå fotgjengarar og syklistar utan refleks eller lys frå bilvindauget om natta, seier Pia Bodahl, styremedlem i Syklistanes landsforeining.

Det er også økonomiske grunner til å sjekke lyset ei ekstra gong om morgonen. Det er påbode å ha lys framme og bak på sykkelen når det er mørkt, og refleks skal alltid vere på. Gaute Eiterjord, nestleiar i Natur og Ungdom, er blant syklistane som fekk eit dyrt møte med politiet for å ikkje ha lyset i orden.

– Eg fekk ein ganske saftig bot for å ikkje ha fungerande lys på sykkelen. Det er kjempeviktig. Når ein rasar ned St. Hanshaugen i full fart utan lys, så er det ingen som ser deg, seier Eiterjord.

Syklistane som stopper og pratar med Journalen har utstyret sitt i orden. Dei fastsler at media har spilt ei rolle, gjennom å ha opplyst om auka politikontrollar av syklande og fleire høge bøter.

Emneord: