Lever i livsfare

– Eg kan ikkje flykta frå Miami kvar gong FBI ringjer, seier den amerikansk-cubanske journalisten Andrés Gómez.
Tirsdag, 10 november, 2009 - 13:57


– Ein gong på midten av 90-talet ringde FBI og fortalde at nokon planlagde å drepa meg. FBI sa dei hadde kontroll, men rådde meg likevel til å reisa frå Miami for ei stund. Eg reiste ikkje. Eg kan ikkje flykta frå Miami kvar gong FBI ringer, seier han og ler.

Andrés Gómez er det motsette av kva ein forventer av ein cubanar busett i Miami. Han er politisk aktiv i det Castro-venlege miljøet i sør-Florida, og ender dermed i søkelyset til dei høgreradikale kreftene i området.  

– Anonyme brev er det minst trugande. Dei som verkeleg vil drepa deg, sender ikkje brev, seier Gómez. Han arbeider som journalist for Radio Miami og tidsskriftet Areito.

Ingen “eksilcubanar”

Andrés Gómes er ein av rundt 150 medlemmer i i Alianza Martiana, ein organisasjon som arbeider mot den amerikanske handelsblokaden av Cuba. No er han på Europaturné, målet er å endra europearane sitt syn på cubanarar i Amerika.  

– Kall meg ikkje eksilcubanar. Eg lever ikkje i eksil, eg har vald å bu i USA. Dei fleste cubanarar bur i USA av økonomiske eller personlege årsaker. Dei færraste flytta i protest mot revolusjonen.  

Reiste aldri tilbake

 Gómez kom til USA i 1960, som 13-åring. Familien tilhøyrte den øvre middelklassen, men frykta radikalismen som kom til uttrykk i den cubanske revolusjonen året før.

– Dei trudde dei berre flytta midlertidig til USA. Der tok dei feil, seier Gómez.

Søskenbarnet hans deltok i invasjonen av Grisebukta i 1961. Familien hans har alltid vore i mot Castros Cuba. Foreldre hans reiste aldri tilbake, sjølv ikkje for å besøka slekta.   

– Foreldra mine er gode menneske. Eg forstår at situasjonen er vanskeleg for dei, seier Gómez. Han kjenner seg både som cubanar og amerikanar.

– Eg blir i USA så lenge det er bruk for meg.

“Berre” ein kommunist

– Gómez kan ikkje endra det politiske USA. Media ser truleg på han som ein kommunist, og då er det ingen som lyttar, seier Ørjan Brattetveit som har budd sju år på Cuba. Der arbeidde han som freelance-journalist. Han kjenner til mange cubanarar busett i USA, og forstår Gómez sin aversjon mot ”eksilcubanar”- omgrepet.

– Dei fleste som flytta til USA, reiste av økonomiske årsaker. Ein del reiste for å bu med familien sin. Eit fåtal vart forfølgt.

Brattetveit har sett konsekvensane av den amerikanske handelsbolokaden på nært hald.

– Eg ser ingen fornuftig grunn til handelsblokaden. Den har ført til stor økonomisk skade for det cubanske folk. Dessutan kan Castro-regimet skulda på blokaden for å stramma inn i høve til opposisjonen, seier Brattetveit.

Emneord: