Spenning rundt presidentvalet på Island

Det har vore svært usikkert kven som stiller som presidentkandidatar før valet på Island i vår. Mandag kveld annonserte noværande president Ólafur Ragnar Grímsson at han stiller til gjenval endå ein gong.
Tirsdag, 19 april, 2016 - 12:09


Noverande president på Island, Ólafur Ragnar Grímsson, annonserte sitt kandidatur til det islandske presidentvalet på ein pressekonferanse måndag 18. april. Ólafur Ragnar Grímsson begynte sin første periode som president i 1996, og har no vore president i 20 år og 5 periodar. Ifølgje The Reykjavík Grapevine sa presidenten allereie i januar 2012 at han ikkje skulle stille til valet i 2012. Ifølgje same artikkel kom Grímsson også med liknande uttalelsar om at han ikkje kom til å fullføre inneværande periode.

Det var sterke spekulasjonar om kva mandagens pressekonferanse kom til å handle om. Mange trudde presidenten kom til å annonsere sitt kandidatur til presidentvalet, på tross av fleire uttalelsar om at han ikkje ville stille til val endå ein gong. I 2014 uttalte han til Monocle magazine at han ikkje kom til å stille til gjenval, noko han også gjentok i nyttårstalen sin.

Svært populær

Katrín JakobsdóttirLeiar for Vinstri Græn på Island, Katrín Jakobsdóttir. Foto: NordForsk, Kim Wendt.Ólafur Ragnar Grímsson er den nest mest populære politikaren på Island, etter Vinstri Græn leiar Katrín Jakobsdóttir. Grímsson har sagt at det var folkets engasjement som gjorde at han stilte til val i 2012, og det spelar antakelig ei rolle no også ettersom han fortsatt er svært populær. Grímsson har òg sagt at han vil rydde opp i den låge tilliten mange i det islandske folket har til Parlamentet.

Berre nokre dagar før Grímsson annonserte sitt kandidatur, annonserte også forfattar Andri Snær Magnússon sitt kandidatur. I lys av Grímssons kandidatur har to kandidatar valt å trekke seg: Vig­fús Bjarni Al­berts­son og Guðmund­ur Frank­lín Jóns­son.

Emneord: