Store jordskjelv rundt Stillehavet

Den siste veka har det vore store jordskjelv i både Japan og Ecuador. Øygruppa Tonga i Stillehavet har også blitt hardt ramma.
Mandag, 18 april, 2016 - 12:52


Den siste veka har mange område som høyrer til den såkalte Ildringen rundt Stillehavet vore ramma av kraftige jordskjelv. Etterskjelva har også vore kraftige.

Episenteret i Ecuador var ikkje langt unna feriebyen Manabi på kysten. Manabi har no kollapsa, også hotell er hardt ramma. Ein anna turistby med namn Pedernales er også hardt ramma, ordføraren Gabriel Alcivar frykter at dødstala vil stige ettersom byen er i ruinar og 40 hotellbygg har kollapsa.

Det kraftigaste skjelvet i Ecuador traff kysten laurdag kveld, og det målte 7,8 på Richters skala. Etterskjelva har vore opp til 5,6 i styrke. Flytrafikk, strømnett og mobilnett har og vore ramma, også så langt vekke som i hovudstaden Quito. Hovudstaden Quito ligg ca 17 mil unna episenteret.

Ildringen i Stillehavet

Japan opplevde to kraftige skjelv tidlig forrige veke, og Stillehavsøyene i øygruppa Tonga vart ramma av eit skjelv som målte 6,1 på Richters skala på morgonen søndag 17 april.

Både Ecuador, Japan og Tonga høyrer til området som blir kalt Ildringen, på grunn av den store forekomsten av jordskjelv og høg vulkansk aktivitet. Seniorforskar ved det norske seisologisenteret NORSAR, Conrad Lindholm, seier til Aftenposten at dei tre skjelva forrige veke ikkje har nok med kvarandre å gjere bortsett frå at dei ligg i eit utsatt område.

91 prosent av alle jordskjelv går i følge Lindholm i områda rundt Stillehavet som høyrer til Ildringen, og 75 prosent av verdas sovande vulkanar også ligg i området. I Ecuador var det risiko for en tsunami i tillegg til jordskjelva på grunn av episenterets nærleik til kysten, men det skjedde heldigvis ikkje.

Dødstala stig

Mange frykter dødstala kan stige mykje, speseilt i Ecuador. Dette skuldast dei mange kollapsa bygningane. Ordførar Alcivar i turistbyen Pedernales har i følgje Aftenposten uttalt til lokale media at han anslår dødstalet til å vere 400 høgare enn det som er meldt til no. Siste antal døde frå Equador var 235 personar, og det er også mange skadde.

I Japan er ikkje dødstala like høge, og ligg foreløpig på 32 bekrefta døde og det er meldt om 1 500 skadde.

 

Emneord: