Krev gratis bind og tampongar

I januar lanserte Kiwi kampanjen "Skulekravet", der dei oppfordrar til gratis bind og tampongar i skulen. Nokre er skeptiske til dette.

Helsesjukepleiar Julie Frøystad ved Valle Hovin vidaregåande skule er positiv til forslaget, og trur det kan gjere det lettare for unge jenter å snakke om mensen. Elisabeth Tangen Meier, 2. nestleiar i Oslo Unge Høyre, er ueinig i dette, og trur ikkje "Skulekravet" er løysinga for å endre negative haldningar. Fleire er kritiske til at en komersiell aktør som Kiwi skal fremje ei slik kampanje.