Trur på eitt fritt Kviterussland

Presidentkandidat Andrei Sannikov vart fengsla etter ein demonstrasjon.Trass tortur og utestenging fra Kviterussland, vonar han framleis at han ein dag kan returnera til eit fritt heimland.
Fredag, 9 mai, 2014 - 14:02

Journalen møtte opposisjonspolitikaren då han var i Oslo i samband med Oslo Freedom Forum.

Andrei Sannikov seier at det mektigaste våpenet mot det kviterussiske regimet er å gå personleg fram som eit døme. Han fekk sjølv stor merksemd frå inn- og utland ved at han organiserte protestar mot leiinga i Kviterussland. Ved å demonstrera for standpunkta sine offentleg, vert motstanden synleg, forklarar han.

– Og når folk byrjar å kjenna deg att, vert du eit enda betre døme. Folk veit kven du er og kva du står for. Til slutt sluttar dei seg til deg, legg han til.

Sidan 1991 har Sannikov arbeida for eit betra Kviterussland. Høyr om ferda hans frå kviterussisk ambassadør til kviterussisk flyktning i slutten av saka.

– Eit show for vesten

Ved presidentvalet i 2010 utfordra Andrei Sannikov noverande president Aleksandr Lukasjenko, som har hatt makta i Kviterussland sidan 1994. Mykje tyda på at Sannikov hadde fleirtal hjå folket. På sjølve valnatta tapte likevel opposisjonsleiaren – det offisielle resultatet synte at han berre hadde fått om lag 20 prosent av røystane.

– Det er umogleg å halda eit fritt og rettferdig val i eit diktatur, seier Sannikov som kommentar til valet i 2010.

Journalist og redaktør for den uavhengige nettavisa Charter 97, Natalya Radina, seier at det ikkje finst noko reelt val i Kviterussland.

– Det heile er eit show som myndigheitene set i gong for å legitimera seg sjølv i vesten sine auge. Reelt er det ingen som tel røystane i Kviterussland, seier ho til Journalen.

Protestar

Kort tid etter at resultatet var klårt, demonstrerte tusenvis i hovudstaden. På valnatta vart over 600 demonstrantar arrestert, deriblant Andrei Sannikov.

Før presidentvalet arbeidde Sannikov med å få politiske fangar ut av fengsel. Då han sjølv vart fengsla, seier han at han fann støtte hjå dei andre innsette. Han fortel at solidariteten som vart synt frå internasjonale hald, samt protestane i landet, var det som heldt han i livet gjennom fangenskap og tortur.

Høyr Sannikov fortelja om fengselopphaldet, og kva han trur om Kviterusslands framtid:

Til Euronews forsvarte president Lukasjenko arrestasjonen av Sannikov med at protestane etter valet i 2010 var ulovlege og av valdeleg slag. I 2012 benåda han likevel Sannikov, og etter 16 månadar som politisk fange slapp den tidlegare presidentkandidaten fri. Men eit liv i heimlandet er i skrivande stund enno umogleg for kviterussaren, som i dag bur i eksil i London.

– Eg vart truga med fengsel på ny rett etter eg vart sluppen fri, seier han og legg til at han i tillegg mottok fleire dødstrugslar.

Svartelister

Sannikov fortel at det er vanskeleg å promotera politiske standpunkt i eit land som er så lukka. Ifylgje Sannikov har Lukasjenko laga svartelister over personar som ikkje er samde i politikken hans. For personane på lista er det vanskeleg å kryssa den kviterussiske grensa.

– På grensa vil dei gå langt i å gjera ferda over så ubehageleg som mogleg, seier Sannikov, som vart stoppa på grensa fleire gonger i tida som opposisjonist  i heimlandet.

Eit fritt land

Frå London held Sannikov fram med arbeidet for eit demokratisk Kviterussland. Han reiser rundt i Europa og fortel om situasjonen i landet han flykta frå, samt kva ein kan gjera for å hjelpa.

– Det internasjonale presset er viktig for å betra situasjonen i Kviterussland. Den internasjonale støtta er ikkje god nok, understrekar han.

Sannikov gjev likevel ikkje opp og vonar han kan reisa attende til heimlandet.

– Eg ynskjer å leva i eit fritt land, og eg ynskjer at det landet er Kviterussland.

Høyr om Andrei Sannikov si ferd frå kviterussisk ambassadør til kviterussisk flyktning i denne radiodokumentaren.