Argentina

Fire drepne journalistar

Dei siste 22 åra har fire journalistar vorte drepne i Argentina.
Fredag, 8 mai, 2015 - 09:39

– Vi har ikkje ein lov i Argentina som seier at ein ikkje kan krenka presidenten eller andre politikarar, fortel journalist Mariano Quiroga i Pressenza.

– Det gjer at journalistar kan skrive at presidenten er bipolar eller skildre presidentar som Hitler, utan at det på nokon måte vil få konsekvensar, seier Quiroga.

Likevel har dei ei antiterrorlov i Argentina som seier at ein kvar som konspirerer mot staten kan fengslast. Dette er ein vag lov, og han gjer at òg journalistar kan fengslast. Det er berre ein journalist, Juan Pablo Suarez, som har vorte sikta for brot på antiterrorlova. Suarez vart likevel frikjent i oktober i 2014.

Tek loven i eigne hender

Nokon gongar tek folk som er misnøgde med pressa si dekning loven i eigne hender. Ei oversikt frå Committee to Protect Journalists (CPJ) viser at fire journalister har vorte drepne i Argentina sidan 1993.

Av dei drepne journalistane er motivet klart i to av sakene, medan ein i dei to andre ikkje har klart å knytte drapa opp mot yrket. Alle dei drepne er menn.

Buenos Aires, Argentina 1993: Mario Bonino, pressesekretær i ei fagforeining for journalistar, forsvinn etter at han dro for å delta på eit møte. Kroppen hans flaut i ei elv i Buenos Aires 15. november. CPJ skriv at ein framleis ikkje veit om motivet for drapet er jobbrelatert.

Funne i brent bil

Pinamar, Argentina 1997: José Luis Cabezas, fotograf, vart funnen i handjern, forkulla, i ein brent bil.

Han var den fyrste fotojournalisten som tok bilete av Alfredo Yabrán, skildra som leiaren av den argentinske mafiaen.

Kjenninga frå retten kom i 2000. Åtte menn vart dømde for drapet, og CPJ skriv at konklusjonen var at mordet var bestillt av Yabrán.

Skoten på kloss hold

Trelew, Argentina 1999: Ricardo Gangeme, redaktør for El Informador Chubutense, parkerte sin Chevrolet framfor huset sitt då ein mann skaut han kloss hold i hovudet med ein 38 kalibra pistol, skriv CPJ.

Politiet kom raskt til åstaden, og lommeboka til Gangeme som inneheldt mykje verdiar låg framleis urørt på staden. Ifølge lokale journalistar skal Gangeme ha opparbeida seg uvener som følge av hans avdekkande journalistikk.

Familien mottok trugslar

Buenos Aires, Argentina 2010: Adams Ledesma Valenzuela, vart knivstukken av uidentfiserte overfallsmenn. CPJ fortel at Ledesma skreiv om om problem i nabolaget, som til dømes dårlege vegar.

Kona Ruth Marlene Torrico har fortald til CPJ at ei kvinne hadde tatt kontakt med ho ved mordstaden, og åtvara om at noko liknande kunne skje med ho og hennar seks born om dei ikkje flytta frå nabolaget.

Argentinske myndigheiter har ikkje klart å identifisere nokon mistenkte, ei heller sagt noko om moglege motiv.