Gine Cornelia Pedersen, Siri Seljeseth og Alexandra Gjerpen speler dei tre hovudrollekarakterane i serien. Foto: Bjørn Wad

Unge lovende lover ny sesong

Dagen før premiere på andre sesong av NRK-serien bekrefter Siri Seljeseth at sesong tre er på veg.
Torsdag, 19 januar, 2017 - 12:03

Fredag 20. januar blir andre sesong av serien “Unge lovende” publisert på nett-tv. I den anledning var Siri Seljeseth og Alexandra Gjerpen gjester hos P3morgen, der Seljeseth kunne fortelje at ho for tida skriv på manus for sesong tre.

I Universitas si anmelding av sesongen, skriv Kaja Storøsten at dei har “økt dosen på alt”. Ho er generelt positiv til den nye sesongen i anmeldinga, og skriv serien tar opp problem på ein god måte.

Sesongen var i utganspunktet klar til å bli sendt i november, men vart flytta til januar for å ikkje havne i skuggen av SKAM, sesong tre.

Til NRK seier Seljeseth at ho ikkje meiner Unge lovende har havna i skuggen av SKAM, men at dei to seriane utfyller kvarandre, og viser forskjellige stadier av livet som ung.