Stor auke i valdskriminalitet frå 2015 til 2016 fører til diskusjon rundt forebygging av vald i tidleg alder. Illustrasjonsfoto: Tiina/Flickr

Mørketal på vald fram i lyset

Politiet har gått laus på mørketal, noko som har leda til nesten 10 prosent auke i registrert valdskriminalitet.
Mandag, 13 februar, 2017 - 15:55

Kriminalitetstypen vald dekker både fysisk vald og truslar. Samla sett gjekk antal meldingar i denne kategorien opp med 9,6 %, ei auke på 282 meldingar frå første halvår i 2015, til første halvår i 2016. Tala kjem fra ein rapport frå Oslo politidistrikt sine heimsider. 

Auka i meldingar av vald i nære relasjonar er endå høgare, dette etter innsats frå politiet for å avdekke fleire hendingar. Aukinga på heile 19,2 % er i tråd med myndigheitenes målsetting om å avdekke ein større del av vald i nære relasjonar, som då inkludera born, sambuerar, partnerar og ektefellar.

- Det er viktig å ikkje berre sjå på eit år av gongen, og heller måle det over ein 10 års periode, seier Ragnhild Bjørnebekk, valdsforskar på Politihøgskulen. Ho har god kjennskap til korleis man skal forebygge vald på eit tidleg stadium, og forklarar at sjølv om det har vore ei klar auke siste året, så har likevel tala gått ned frå 90-talet, då det var på det verste.

Skam gjer arbeidet vanskelegare

Målet til politiet har vore å få fram mørketal, som fører til at fleire sakar registrerast i systemet. Det utviklast fleire diskusjonar rundt emnet og fleire får kjennskap til krisesenter i landet, som igjen fører til høgare prosentdel i meldte forhald. Sosiale media har vore med til å sette større søkjelys på problematikken. Det gjer at folk er meir oppmerksame og har lettare for å ta kontakt ved mistanke om noko kriminelt i nærmiljøet.

Det er særs vald i nære relasjonar som har auka mest, og politiet jobbar aktivt for at det skal settast inn fleire ressursar og tiltak.

- Det som er vanskeleg med nære relasjonar er at det er skambelagt og at det ikkje blir kjent. Dette jobbar krisesentera aktivt med, og debatten har blitt tydlegare, seier Bjørnebekk. 

Mørketala viser at det er langt igjen før ein har nådd ut til alle, og dei er størst dess nærare personane er tilknytt kvarandre. Bjørnebekk fortel at det i yrkessamanheng har blitt den største forbetringa, og dei har blitt flinkare til å avdekke kritiske forhold.

Akuttmedisin reddar fleire liv

Ein annan årsak til at valdstala har gått ned sidan 90-talet, er tilgangen på bedre medisinsk kompetanse.

- Oslo er på topp når det kjem til akuttmedisin, og dette har redda fleire liv enn før. Derfor har drapsstatistikken gått kraftig ned frå 60 stykker i 1993, til 20-30 stykker sist år, seier Bjørnebekk. Drapsstatistikken er noko av det sikraste å sjå på, og har difor ikkje like mange mørketal som valdsstatistikken. 

I tillegg til vald i nære relasjonar, har det vore ei auke i seksuelle overgrep og knivstikking. Det diskuterast mykje omkring kvifor det har vore ei stor auke, men Bjørnebekk meiner det kan vere ein kombinasjon av mørketal og ei reell auke. 

Gjengmiljø er problematisk

- Det er viktig å vere oppmerksam når det skjer ei auke over år, og den beste førebygginga er å starte med tidleg førebygging, seier forskaren.

Politiet har tett samarbeid med skular og ulike hjelpeapparat for å forebygge mønster på risikofaktorar. Nokre ungdomsgrupper har såkalla “tidlegstartera” , der problema viser seg så tidleg som i 4 års alderen, og at borna ikkje får korrekt hjelp til å endre oppførsel. Slike barn endar ofte opp i gjengmiljø, og er en av dei største problemgruppene til politiet.