Utstillinga "Visjon" er Wikstrøms fyste. - Eg har ein slik kjærleik til å måle at eg kan sitte heile dagen utan at det gjer meg noko. Sosiale settingar og ting som skjer går meg berre heilt over hovudet. No er eg her. Eg er litt uredd, fortel ho.

Debututstilling for Wikstrøm

Då ho var yngre var Miling Wikstrøm (47) heimlaus i London. No stiller ho ut i Galleri Imagine på Vulkan. –Den kunstnaren eg hadde i meg ville ikkje dø. Den skulle ikkje leggast vekk og aldri bli brukt, fortel ho. 
Onsdag, 17 oktober, 2018 - 15:29

 


Miling Wikstrøm bestemte seg for å byrje å måle profesjonelt i 2016. To år etter stiller ho ut “Visjon”.

Våren 2016 flytta Wikstrøm inn i loftsleiligheita til farmora. Då oppdaga ho eit staffeli som sto igjen i  kjellaren.

– Staffeliet sto rett og slett klart. Det hadde vore der frå før, og eg visste det ikkje ein gong. Då kom det veldig klart for meg at målet skulle vere ei utstilling hausten 2018, og det har eg vore veldig tru mot, fortel Wikstrøm.

Søndag hadde den nybakte kunstnaren vernissage på Galleri Imagine. Dette er hennar første utstilling.

– Eg er litt bekymra då det er eit stille område, og eg er jo ikkje backa opp av nokon.

Måler av impuls

Wikstrøm skildrar eit pretensiøst kunstmiljø.

– Ein snakkar om kunstnarar sin symbolikk, og kva det skal bety. Er det verkeleg slik, spør ho.

For kunstnaren sjølv kjem bileta ofte som ein impuls, sjølv om ho også nokre gongar ynskjer å male eit maleri som eksempelvis symboliserer menneskeleg svakhet.

– Det dett ein visjon i hovudet mitt. Det kan like gjerne handle om at raudt og svart er kult saman, og at eg ser fargekombinasjonar. Det er jo impulsar og inspirasjon som formar og lagar noko.

Ho er redd for at det skal bli for mykje av den trygge kunsten.

– Det at vi har blitt eit samfunn som bryr oss meir om pengar og produksjon gjer at kunstnarane vert meir forsiktige, og held seg til ein trygg stil, meiner Wikstrøm.


Sjølv om Wikstrøm måler både figurativt og non-figurativt trur ho at betraktarane skal byrje å kjenne ho att etterkvart.

– Også skjer det jo litt sprøtt innimellom. Men det er litt sånn trygg sprøhet, om eg kan seie det slik, skyt ho inn.

I denne utstillinga har ho vald å halde seg på trygg grunn sjølv, og stille ut maleri i ulike retningar.  

– Difor tenkjer eg at visjon er eit samlande namn til utstilinga, for alle ting dem som visjoner. Uansett om det er abstrakt eller figurativt. Eg kan vere slik at eg skal legge meg om kvelden også tenkjer eg «ååh, den blåfargen der skal vere saman med den grønnfargen der.» Det er jo kanskje slik det er for kreative menneske, fortel ho.

I Wikstrøms familie fins det fleire artitar. Blant anna er farmor hennar Raisa «Raya» Bielenberg songar, danserinne og kjend formidlar av sigøynerkultur i Noreg. Wikstrøm oppdaga tidleg at ho var ei kreativ sjel. 

– Eg var jo litt sånn, hadde mange hobbyar. Kunne synge og danse og slikt. Det vart kanskje litt forvirrande for meg å ha så mykje kreativ energi, så eg flykta vel frå det eigentleg.

Turbulent liv

Som born var ho i motsetning til venninner glad i å sjå på kunst, og fekk mange kompliment for teikningane sine. – Det var ganske naturleg å tenkje at det var denne vegen eg skulle gå. Men så kom ein uroleg tenåringsalder som tok meg på ein ganske vanskeleg reise. Eg var heimlaus i London, og budde med sigøynarar i Frankrike, fortel kunstnaren.

– Eg har stått på scena og sunget i Frankrike og Nederland, og budd i dei mest luksuriøse områder. Eg har kjent dei mest snobbete menneska, til det heilt omvendte. Det har alt i alt vore ein fargerik veg, fortset ho.


- Eg vil leggje sjel, hjarte og min historie i måleria. Det tenkjer eg kjem fram uansett kva ein måler, fortel Wikstrøm

Wikstrøm meiner at ho ved å ha opplevd skuggesidane av samfunnet, har fått mykje livserfaring, og at dette kan vere spanande å ta med inn i kunsten.

– Ein kan seie at eg hadde nokre veldig dramatiske år mellom då eg var 16 og 30 år. Alle vanskelege situasjonar i livet har eg dratt meg sjølv ut av, og kunsten har alltid vore der. Den er berre meg.

Ho påpeiker at ho tidlegare kjende på at yrket kunne verte økonomisk usikkert, og at ho tok dette valet seinare i i livet grunna dette. Ho er no aleinemor og fulltidsmålar.

– Eg byrja seint, og føler at eg no har dårleg tid. No må eg berre veive med armane og seie «Hei! Her er eg, og eg har tenkt å bli.» Eg brukar kanskje store ord no, men det føles som at dette er mitt kall, smiler Wikstrøm.

Utstillinga, Visjon står på Galleri Imagine ut oktober. Galleriet held til i overetasjen på Vulkan 20.