Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø i Oberhof tidlegare i haust. Foto: Gerhard König.

Duka for duell mellom brødrene Bø

Brødrene Johannes og Tarjei Bø er klare for ein ny skiskyttarsesong. I år trur dei søskenduellen blir tettare enn nokon gong.
Tirsdag, 6 november, 2018 - 10:18

Yngstebror Johannes har gått sigrande ut av duellen mot Tarjei dei siste åra. I fjor hadde han ein svært vellykka sesong som blant anna bestod av OL-gull på normaldistansen. I år har motivasjonen vore dårlegare enn før.

– Med utladning etter OL, bryllupsplanlegging og bryllupsreise, har det vore eit tungt år motivasjonsmessig. På privaten har 2018 vore perfekt. Eg gledar meg til å kome i gang med sesongen, og trur eg har lagt ned ein god jobb i år og, fortel Johannes Thingnes Bø.

Sjølv om motivasjonen har vore så som så, set den olympiske mesteren seg høge mål for sesongen.

– Eg har som mål å kjempe om samanlagtsiger i verdenscupen, samt å ta tre medaljar i VM – og minst éin av edlaste valør.

Duell mot Fourcade

I år, som tidlegare, trur Johannes det blir ein duell mellom han og Martin Fourcade.


Martin Fourcade og Johannes Thingnes Bø under verdscupavslutninga i Tyumen. Foto: Privat

 – Duellen med Fourcade har vart i fleire år, og vil nok vare i lang tid framover. Det er godt å ha konkurrentar som verkeleg byr opp til hard konkurranse – og desto kjekkare er det å slå han, helst med minst mogleg margin.

Johannes trur storebror Tarjei vil puste han i nakken komande sesong.

– I år har Tarjei trena veldig godt, så det blir utruleg spanande å sjå om eg har tapt forspranget eg har hatt på han i det siste. Eg trur Tarjei får sin beste sesong på mange år, fortel Johannes.

Vil vinne renn

Tarjei seier seg einig med Johannes.

– Eg har ein god følelse no før sesongen. Denne hausten har alt gått på skinner og eg føler meg sterk. Med lite sjukdom dei siste tre månadane blir eg i betre form kvar veke. I tillegg vann eg NM i rulleskiskyting for første gang dette året, og konkurranse gjev dei beste svara på korleis ein ligg an, seier eldstebror.


Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø ser fram mot ein ny skiskyttarsesong. Foto: Gerhard König. 

Målsetjinga komande sesong er å vinne konkurransar, samt å utfordre Johannes.

– Målet er å vinne både verdenscuprenn og VM-gull. Eg håpar også å utfordre Johannes. Han var vanvittig god forrige sesong, men eg trur eg er nærare han denne sesongen. Johannes er ein luring som alltid finn formen, så det blir sjølvsagt vanskeleg å slå han i verdscupen samanlagt, avsluttar Tarjei.

For skiskyttarane startar sesongen på Sjusjøen 24. november.