FULLT HUS: På sjakkbaren The Good Knight i Oslo, treffast sjakkinteresserte for eit uformelt parti. Ein vanleg onsdagskveld var det fullt hus her. Foto: Mari Sollid Eide

Partnarar strøymer til sjakkforbundet

– Vi får førespurnadar så å seie dagleg. Aktørar er interessert i kva som skjer med VM-søknaden, seier generalsekretær i Norges Sjakkforbund, Geir Nesheim. Men kulturdepartementet avventar situasjonen.
Mandag, 18 februar, 2019 - 11:58

25. januar skreiv sjakkforbundet i ei pressemelding at dei ville søke om å få VM i sjakk til Noreg i 2020. I pressemeldinga står det blant anna:

«Noreg har hatt verdsmeisteren i sjakk sidan Magnus Carlsen vann tittelen frå India sin Viswanathan Anand i Chennai, India i 2013. (…) No er det altså klart at det blir minst ein VM-match til med ein nordmann på den eine sida av brettet. Norges Sjakkforbund ynskjer at denne 5.matchen i Carlsen sin verdsmeisterperiode finn stad i Noreg.»

Stor interesse

Det er fleire som gler seg over at sjakkforbundet no ynskjer å søke om å få sjakk-VM til Noreg. Geir Nesheim fortel at mange har meldt si interesse.

– Det har vore interesse frå både sponsorar, lokale initiativtakarar, kommunar og fylkeskommunar. Vi har allereie hatt møter med nokre av desse, fortel han.


HÅPEFULL: – Mange er interesserte og seier eit sjakk-VM i Noreg er riktig. Sjansen er der no, seier generalsekretær i Norges Sjakkforbund, Geir Nesheim. Foto: Mari Sollid Eide

 

Kostbart

Eit sjakk-VM er ikkje gratis å arrangere. Med ein prislapp på vel 40 millionar, er Norges Sjakkforbund avhengig av støtte frå fleire.

– Vi må ha støtte frå tre typar aktørar: staten, lokalmyndigheiter og næringsliv. VM må bli eit spleiselag. Sidan det er mange som har vist si interesse no, håpar vi at mange av desse blir med vidare til neste runde. Der kan interesserte leggje inn bod, som vi i Norges Sjakkforbund kan gå vidare med når vi møter regjeringa, seier Nesheim.

 

Avventande kulturdepartement

Kulturdepartementet skriv i ein e-post til Journalen at dei er oppmerksame på at Norges Sjakkforbund har sett i gang ein prosess for å få sjakk-VM 2020 til Norge.

– Sjakkforbundet har signalisert at dei, etter at samarbeidspartnarar og spelestad er på plass, ynskjer eit møte for å diskutere samarbeidsmoglegheiter knytt til eit eventuelt VM i Noreg. Eit eventuelt samarbeid blir derfor ei rein hypotetisk problemstilling, skriv kulturdepartementet.

 

Ynskjer internasjonale arrangement i Noreg

Sjakk-VM

  • Har blitt arrangert sidan 1886.
  • Det har vore 16 ulike verdsmeistrar gjennom tidene.
  • Magnus Carlsen er sittande verdsmeister, og har vunne 4 verdsmeisterskap på rad.

Kjelde: The Spruce.

Idrettspolitisk talsperson for Høgre på Stortinget, Tage Petterson, ynskjer derimot store idrettsarrangement, som sjakk-VM, velkomne i Noreg.

– Det er alltid ønskeleg med internasjonale arrangement i Noreg. Dette er også noko regjeringa seier i vår regjeringsplattform. Det er viktig ut i frå fleire perspektiv. Det eine er marknadsføring av Norge på ulike måtar. Det andre handlar om at Noreg også bør ta sitt ansvar med å vere arrangør av meisterskap som vi likar å delta i og som vi verdset å sjå.

Han legg til at det er heilt nødvendig med ein open søknadsprosess dersom sjakkforbundet skal få statleg støtte til eit verdsmeisterskap.

– Det vil vere ein eventuell søknad som avgjer om staten vil støtte sjakk-VM økonomisk. Ein soleklar føresetnad for dette er openheit på alle måtar når det gjeld alle kriterier frå arrangøren si side. Vi hugsar at dette ikkje var tilfelle i førre runde. Så blir dette også eit budsjettspørsmål som må sjåast i samanheng med veldig mykje anna, fortel Petterson.

 

FIDE ansvarleg for tildeling

Norges Sjakkforbund prøvde å få VM i 2018 til Noreg, og heldt på med ein søkeprosess våren 2017. Den gongen lukkast dei ikkje. Noko av grunnen til dette, var at det internasjonale sjakkforbundet, FIDE, ikkje sjølv stod for prosessen med tildeling av VM-by. Då var det eit anna selskap som var leigd inn for å tildele arrangørby. No er det derimot FIDE sjølve som er ansvarlege for denne prosessen, noko som er godt nytt for Noreg.

– Då vi søkte om sjakk-VM i 2018, ville ikkje norske myndigheter støtte oss økonomisk, då søkeprosessen ikkje var open. Dette har no endra seg, og vi er derfor optimistar for å få støtte frå norske myndigheter denne gongen, fortel Geir Nesheim.

 


FOLKEFEST: – Eit sjakk-VM i Noreg kan bli ein folkefest for store og små, seier sjakkekspert Torstein Bae. Foto: Mari Sollid Eide

Noreg kan skape gode rammer

Sjakkekspert Torstein Bae er ein av dei som er positive til at sjakkforbundet no vil søkje om å få VM i sjakk 2020 til Noreg. Han meiner det er på høg tid.

– Det er veldig naturleg og absolutt på sin plass at eit VM i sjakk kjem til Noreg. Vi må gripe sjansen no når vi har ein av dei store meistrane. Eg trur at Noreg kan skape ei ramme rundt meisterskapet som ingen andre arrangørar kan, fortel Bae.

Dersom Noreg skulle få tildelt VM i 2020, trur Bae at dette ikkje nødvendigvis er ein fordel for verdsmeister Magnus Carlsen.

– Eg trur Magnus Carlsen kan ha eit ambivalent forhold til eit VM i Noreg. Han har tidlegare hatt problem med å levere godt på heimebane. Merksemda og presset blir mykje større enn når han spelar i utlandet. Eg trur likevel Magnus ynskjer eit VM på heimebane, og han har gode sjansar til å vinne, avsluttar Bae.