Nav-direktør Sigrun Vågeng er glad for den lave arbeidsløysa i landet. Foto: Eivind W. Skifjeld

700 færre arbeidslause i februar

Frå januar til februar i år vart det registrert om lag 700 færre arbeidslause, og arbeidsløysa held fram å falle.
Onsdag, 20 mars, 2019 - 14:23

Ifølgje arbeid- og velferdsdirektør for Nav, Sigrun Vågeng, har den registrerte arbeidsløysa vist ein fallande trend i over to år. Til Nav understrekar ho også at arbeidsløysa ikkje har vore så lav på ti år.

Arbeidsløysa for landet låg på 2,3 prosent i februar. Det er høgast ledighet innan reiseliv og transport, med heile 4,2 prosent.

Emneord: