I Markveien på Grünerløkka held fleire butikkar søndagsope. Slik vil Oslo Høyre at det skal vere i andre delar av byen også. FOTO: Frida Tvedte Matre

Ynskjer fleire butikkar som dette

Oslo Høyre føreslår fleire søndagsopne butikkar i Oslo sentrum. Det har studentar ved OsloMet delte meiningar om.
Mandag, 17 oktober, 2022 - 21:22

I utkastet til bystyreprogrammet for 2023-2027 vil Oslo Høyre blant anna at fleire butikkar i byen skal kunne haldast open også på søndagar. For at det skal bli mogeleg, må Oslo søkje til staten om å få status som turistdestinasjon. Skule- og kulturpolitisk talsperson for Oslo Høyre, Mehmet Kaan Inan, er tydeleg på at det er noko han meiner kommunen bør gjere, då Oslo er ein av dei byane i Noreg kor det kjem flest turistar innom. Delar av Oslo bør i alle fall opnast på søndagar, synes han. 

- Eg tenkjer at Oslo sentrum innafor Ring 1 bør kunne halde ope på søndagar, akkurat som butikkar på Grünerløkka eller oppover mot Majorstuen, seier han. 

Høyrepolitikaren forklarar at partiet vil gi folk ein grunn til å oppsøkje stadar i byen heile veka ut. Slik kan turistar og alle som bur andre stadar i landet få ein ekstra dag til å oppleve kulturlivet, restaurantane, shoppe og besøke turistattraksjonane Oslo tilbyr, når dei tek turen innom byen.


Mehmet Kaan Inan meiner delar av Oslo sentrum bør opnast for å skape større folkeliv også på søndagar. FOTO: Hans Kristian Thorbjørnsen/Høyre

Berre for dei som ynskjer 

Inan har forståing for at det er splitta meiningar mellom næringsdrivande angåande saken, og legg til at valet om å halde søndagsope eller ikkje, vil vera i deira hender. 

- Delar av handelsstanden er positive til søndagsopne butikkar, medan andre er meir skeptiske. Det er en ærleg sak, og det vil jo være opp til kvar enkelt butikkeigar om dei opnar på søndagar eller ikkje. Det me ynskjer er berre å gi dei butikkane som ynskjer det, anledning til å halde ope.

Han bygg opp forslaget med at ein tanke om at folk eigentleg nyttar seg meir av søndagsopne butikkar enn dei gjer utrykk for. 

- Eg høyrer stadig at nokon meiner søndagsopne butikkar vil øydeleggje søndagane, men eg er usikker på om det er sant. Mitt inntrykk er at det ofte er noko dei seier heilt til de oppdagar at de manglar ingrediensar til søndagsmiddagen eller ikkje har noko i kjøleskapet dei kan ha til frukost på måndag. Da er det plutseleg veldig kjekt å ha en søndagsopen matbutikk i nærleiken likevel.

Til slutt legg han til at det også kan ha ein verdi for studentar. 

- Eg trur mange unge, studentar for eksempel, kunne tenkje seg å jobbe ein og annan søndag for å tene nokre kroner.

Kan skape arbeidsplassar

I kantina ved OsloMet fredag formiddag sit lærarstudentane Rebecca Thoresen og Kristin Moen. Dei har ikkje tenkt stort over temaet fleire søndagsopne butikkar i Oslo sentrum før, men trekk fort fram det siste poenget til Inan. Studentane meiner også det ville vore positivt for mange studentar med tanke på jobb, å få ein ekstra dag i veka kor ein kan tene pengar. 

- Det kan jo vera med på å skapa fleire arbeidsplassar. Viss eg for eksempel kunne ha arbeida annakvar laurdag og søndag hadde det vore heilt perfekt, seier Moen.

Thoresen arbeidar i møbelbutikk, og ser på lik linje ikkje noko problem med å opphalde seg nokre timar på jobb der ein og annan søndag. 

- Når ein allereie jobbar ein laurdag, kan ein like så godt arbeide søndagen også, for då er helga på ein måte allereie tatt. Ein vel jo sjølv om ein tek ein jobb som held ope denne dagen. 


Studentane Kristin Moen (t.v.) og Rebecca Thoresen kunne godt tenkt seg å nytta søndagen til både jobb og ærend. FOTO: Frida Tvedte Matre 

Ein ekstra laurdag

Studentane fortel at søndag er ein dag kor dei ofte har betre tid til å gjere ting, som til dømes å få unna ulike ærend. 

- Eg kan vere dårleg på å handla til heile veka, både når det gjeld matvarer og andre ting. Søndag er jo ein dag kor ein har betre tid til å handle slikt, då ein har fri frå skulen. Så eg har veldig ofte tenkt på at det er kjipt at det ikkje er opent då, når ein først er ledig, seier Thoresen.

- Me er også litt dårlege på å handle middag til heile veka heime. Så det endar ofte med at me er nøydde til å handle same dagen. Då blir det fort til at ein handlar ein del på Joker på søndagen også. Så det hadde jo vore betre om fleire butikkar hadde hatt opent, slik at ein hadde eit større utval og fått tak i det ein treng også den dagen, svarar Moen. 

Jentene konkluderer med at søndagsope i større delar av Oslo ikkje vil gjere søndagen deira meir kvardagsleg. 

- Det blir kanskje heller meir som ein ekstra laurdag. Og det er vel få som ser på laurdag som ein kvardag. 

Ikkje behov for fleire

Ein anna student ved OsloMet, Dilshad Ahmad, som studerer master i økonomi, stiller seg derimot på motsett side. Han meiner få søndagsopne butikkar har fungert godt lenge, og ser derfor ikkje behov for fleire no. Det bør vera ein dag kor butikktilsette kan få fri. 

- I mange bransjar så held dei butikkane eller bedrifta si stengd både laurdagar og søndagar, og her tenkjer eg det same bør vere for butikkar. Eg har jobba i butikk før og har vært så heldig og ikkje jobba på søndagar. Då får tilsette meir tid til å slappe av og fokusere på andre ting. Bedrifter slepp også å måtte betale tilsette meir enn nødvendig. 

Unødvendig pengebruk

Masterstudenten legg til at han heller ikkje trur at søndagen vil miste sin form, men at det kan føre til unødvendig pengebruk. 

- Eg trur ikkje det vil «øydeleggja søndagen», men at mange ville brukt den dagen til å handle meir enn det dei elles hadde gjort. Så ein sparar mindre og brukar meir pengar. Eg trur berre at dersom ein har fri heile dagen frå jobb, og alle butikkar er opne på søndagar så vil ein handle unødvendige ting, svarar han. 

Sjølv om Ahmad ikkje stiller seg positiv til at større delar av Oslo sentrum held opent om søndagen, ser han også fordelen det kan ha for studentar. 

- Eg tipper at dei fleste studentane har meir tid til å arbeide i helgane, spesielt på søndagar, enn i kvardagane, og kan tene litt meir ved sidan av skulen av å jobbe den dagen.