Inger Abild(73) har førebudd seg i tilfelle krig eller krise. Foto: Mathilde Bjerk

Du er ein del av Noregs vernebuing

Førre veke var det den årlege Egenberedskapsuka 2023. Då var det mange som førebudde heimane sine.
Tirsdag, 7 november, 2023 - 08:17

Kvart år, i veke 44 arrangerer Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap dsb.no Egenberedskapsuka. Det var i 2019 at det blei arrangert for første gong. Bodskapet i kampanjen går ut på at ein skal være førebudd på å kunne ta vare på deg sjølv, og dei rundt seg i opp til tre døgn, om det skulle skje ei krise der infrastrukturen svekkast.

Ein sikker heim

Dei siste åra har det vorte meir fokus på det å stille førebudd om naturkatastrofar, krig eller krise skulle ramme oss. Og med det verdsbilete som er no, er det råda sterkt til å tenkje på kva du som enkeltperson kan gjera i heimen din, om noko uventa skulle skje.

DSB har ei eiga nettside for kva du kan gjera for å førebu best mogleg i heimen din, om det skulle hende noko som gjer at du treng det, nemleg sikkerhverdag.no.

Har alt klart i heimen

På Bryn senter, i bydelen Østensjø, fortel 73 år gamle Inger Abild kva ho har ekstra av heime, om ho ein dag skulle komme til å trengje det.

– Har du førebudd eit vernebuingslager heime, som inneheld vatn, mat, medisinar, klede eller andre nødvendige gjenstandar?

Ja, det har eg. Eg har mykje mat, både hermetikkmat og tørrmat. Eg har også eit par flasker med vatn, medisinar for nesten ein månad og mykje varme klede og tepper. Eg har ein DAB-radio, men den går kun på straum, fortel Abild.

For dei som er under 40år, ammande eller gravide vil det være viktig å ha jodtablettar i heimen, om det skulle oppstå ei atomulykke. Abild fortel at ho derfor ikkje har jodtablettar heime.

– Følar du at det er utelukka med krig eller naturkatastrofar som er så alvorlege at ein treng eit vernebuingslager her i Noreg?

– Eg er født etter 2. verdskrig, men sjølv då kom krigen plutseleg på folk, så det er alltid grunn til å være førebudd, fortel Abild.

– Følar du deg trygg i Noreg?

– Eg er så gamal at det får kome det som kjem. Men eg har barneborn, så eg håpar at fleire ser viktigheita i det å være førebudd, fortel Abild.