Eventyret Tattoo & Makeup på Bogerud hadde nyopning i helga. Foto: Mathilde Bjerk

Opna eige studio: - Har vore ein draum sidan barneskulen

Laurdag 25. november var det nyopning av Eventyret Tattoo & Makeup på Bogerud. Heile helga gjekk derfor til drop-in kunder.
Onsdag, 29 november, 2023 - 09:28

Eventyret Tattoo & Makeup er eigd og drifta av tatovør og piercer, Thora Madelene Høiby Holmestrand. I tillegg driv ho med permanent sminke. Studioet drives ilag med Sally Cathrine Sandboe, som driv med vippeløft og brynslaminering. 

– Korleis kom dykk med ideen om å starte eit eige studio?

– Eg har hatt ein draum heilt sidan barneskulen om å bli tatovør. Etter å ha jobba i yrket ønskja eg å ha min eigen plass å drive, og gjere den så profesjonell som mogleg, fortel Holmestrand.

– På Eventyret Tattoo & Makeup tilbyr me tatovering, både svart-kvit realisme, coverup og fargar. Me tilbyr også piercingar og permanent sminke, som bryn, eyeliner, lepper, frekner, og skjønnheitsflekkar. I tillegg til Inlei vippeløft og brynslaminering, fortel Holmestrand.


Frå venstre: Thora Madelene Høiby Holmestrand og Sally Cathrine Sandboe, som driv Eventyret Tattoo & Makeup. Foto: Mathilde Bjerk

Ønskjer å få eit meir allsidig syn på bransjen

– Korleis gjekk opninga i helga?

– Opninga gjekk bra, det var folk innom for å ta tatoveringar, piercingar og nokon kjøpte gåvekort. Elles var folk innom for å slå av ein prat, fortel Holmestrand.

Vidare fortel ho at namnet eventyret kjem frå ei stor interesse i eventyr, og at det sto mellom det, og troll stua. Ho fortel også at studioet stillar seg profesjonelle til diverse krav og hygiene. Og vidare håpar dei å få til eit meir allsidig syn på bransjen. Der alle er velkomne, og der ein slepp å gå inn på ein stad som følast tvilsam.


Her får Magnus Moe septum piercing i nesa. Foto: Mathilde Bjerk 


Det er første gongen Moe er i studioet. Han syns innemiljøet er kult og heimekosleg med eit hint av julepynt. – Det er ikkje for dolla opp, seiar han. Foto: Mathilde Bjerk 


Thora Madelene Høiby Holmestrand, eigar av Eventyret Tattoo & Makeup. Foto: Mathilde Bjerk

– Kva syns du om å ha Eventyret Tattoo & Makeup som din arbeidsplass?

– Det er vel litt å skryte på seg sjølv då det er studioet mitt. Men eg syns det er veldig deileg å ha ein eigen plass å drive, der man kan være seg sjølv og drive med den man elskar, seiar Holmestrand


Sally Cathrine Sandboe, Vippe- og Brynstylist på Eventyret Tattoo & Makeup. Foto: Mathilde Bjerk

– Kva syns du om å ha Eventyret Tattoo & Makeup som din arbeidsplass?

– Det har vore, og er veldig spennande å få være med på oppstarten av studioet til Thora. Det har kome mykje hyggelege folk innom med spørsmål fordi dei har sett at me har starta opp her i nærmiljøet. Det tar tid å etablere ein kundebase, men me har begge to hatt eit par kundar kvar, etter kun to dagar etter oppstart, så det er positivt, fortel Sandboe.


Lokalet som nyttast som studio er det Holmestrand sjølv som har pussa opp. Foto: Mathilde Bjerk


– Kva er viktig for deg når du bestem deg for kva du vil tatovere? – Alle tatoveringane mine har ei betydning. Og fleire av dei har eg teikna sjølv, fortel Moe. Foto: Mathilde Bjerk


– Kva er det som gjer at du likar tatoveringar? – Til vanleg er eg frisør, så eg er jo litt kunstnarisk av meg. I tillegg likar eg å kunne tatovere noko med betydning for dei eg er glad i, forklarar Moe. Foto: Mathilde Bjerk 


Studioet er dekorert med blant anna syntetiske kroppsdelar, som er blitt brukt til øving av ulike tatoveringsstilar. Foto: Mathilde Bjerk 


Moe valde eit lyn som motiv, på bakgrunn av betydninga til tatoveringa. Den symbliserar blant anna styrke. For han personleg betyr tatoveringa derfor styrke etter å ha vært gjennom noko vanskeleg i livet. Foto: Mathilde Bjerk


Den nye tatoveringa blir dekka til med “second skin” for å beskytte mot bakteriar og ureinhetar. Foto: Mathilde Bjerk


Holmestrand og Sandboe er begge takknemlege for all responsen dei har fått på opninga av det nye studioet, og håpar at mange kjem innom, og at dei vil føle seg velkomne. Foto: Mathilde Bjerk

 

Emneord: