"Barnas ønsketre" gir deg moglegheita til å glede eit barn med ei julegåve. Foto: Mathilde Bjerk

Julegåver til dei yngste

"Barnas ønsketre" er sett opp for andre året på rad. Tilbodet er eit samarbeid mellom Hjerte for Østensjø og Bryn senter.
Tirsdag, 28 november, 2023 - 08:17

Det er fleire som slit med å få økonomien til å gå rundt, når det nærmar seg juletider. På Bryn senter kan derfor familiar, som bur i bydelen Østensjø, få hjelp til kjøp av julegåver til dei yngste. Det er då kundane på Bryn senter som kan ta med seg ein ønskjelapp, og kjøpe ei gåve for nokon andre.

Blir anonymisert

– Kven er det som kan nytte seg av tilbodet “Barnas ønsketre”?

– Det er eit tilbod for familiar som har ein strevsam økonomisk kvardag, fortel Gunn Marie Eriksen, ein av pådrivarane i Hjerte for Østensjø.

Fristen for å registrere ynskja sine var sundag, 26. november. Gåva registrerast med kjønn og alder på barnet, i tillegg til kva gåva skal være. Etter dette blir det hengt opp ein lapp på ønsketreet der alt vil være anonymt. Kven som helst kan derfor plukke ein lapp med eit ynskje, kjøpe det som står på lappen, hengen den på gåva, og leggje den ned i den store gåveboksen som står ved sida av treet. På treet heng det ynskjer frå barn i alderen 0-18 år.

Korleis det heile byrja

Hjerte for Østensjø er ein frivillig organisasjon som består av mødrer, som har barn i skulealder, med forskjellig bakgrunn. Det heile starta med observasjonar av barneselskap der fleire barn ikkje kunne bidra med gåve, og dette førte til eit utanforskap. Dette utvikla seg vidare til at fleire gjekk ilag og starta Hjerte for Østensjø.


Gunn Marie Eriksen er ei av mange mødre som driv Hjerte for Østensjø. Foto: Mathilde Bjerk

– Har ein først dårleg råd, er det veldig mange arenaer ein kan dette ut på, så dette er vårt vesle bidrag for å prøve å få meir inkludering for dei som dett utanfor elles, fortel Eriksen.

I tillegg til ordninga om kjøp av julegåver til barn, har Hjerte for Østensjø også ulike andre tilbod året rundt. Dei har alt i frå pengestøtte til sportsutstyr og skulesekkar ved skulestart, til støtte for å arrangere selskap sjølv, eller støtte til gåve ein kan ha med i selskap.  

– Nå har dette blitt ein ganske fin juletradisjon. I år skal me også få hjelp av elevar frå Skøyenåsen skule til å sortera alle gåvene. Og som i fjor ligg det på rundt 100 ønskjer, fortel Eriksen.

Ser fram til vidare samarbeid


Sasha Valdez Ytternes, senterleiar for Bryn senter. Foto: Mathilde Bjerk 

 – Korleis har responsen vore på “Barnas ønsketre” både frå tidlegare år, men også i år?

– Me har fått mange fine tilbakemeldingar på denne aktiviteten, fortel Sasha Valdez Ytternes, senterleiar for Bryn senter.

Vidare fortel Ytternes at alle Scala sine senter har “Barnas ønsketre”, men at det er opp til det enkelte senteret å velje kva for ein organisasjon dei ønskjer å samarbeide med. Bryn senter valde organisasjonen Hjerte for Østensjø, fordi organisasjonen har eit brennande engasjement for å gjere kvardagen enklare, for familiar med dårleg råd. I tillegg til at Bryn senter samarbeidar med Hjerte for Østensjø om “Barnas ønsketre”, donerar senteret eit beløp til organisasjonen.

– Det føles alltid godt å kunne bruke sin plattform til å hjelpe andre, fortel Ytternes.


Ein kan også vippse direkte til Hjerte for Østensjø. Foto: Mathilde Bjerk

 

Emneord: