Black Week avsluttes i dag med Black Friday. Foto: Kjersti Hareland

- Klimaversting

Black Friday har for mange blitt ein global shoppingdag, og mange har nok allereie byrja å sett på tilboda til butikkane. Appen Tise oppfordrar fleire til å stå i mot kjøpepresset.
Fredag, 24 november, 2023 - 18:35

Årets største sal har allereie vore å sett på plakatar og nettsider i fleire veker. Mange bruker denne dagen til å handle julegåver, eller kjøpe noko til seg sjølv. Sigrun Stenseth, marknadssjef i gjenbruksappen Tise, har derimot ei oppfordring til dei som har tenkt å nytte seg av tilboda.


Sigrun Stenseth gje tips og triks til korleis ein enklare kan gje brukte julegåver. Foto: Selma Haaland

Skapar eit fiktivt behov

Gjenbruksappen Tise seier kledeindustrien er ein klimaversting, og Black Friday skapar eit fiktivt behov, og ei frykt for å gå glipp av noko. Dei har derimot forståing for at denne dagen er ei moglegheit til å kjøpe ting ein elles ikkje hadde hatt råd til.

Sigrun Stenseth seier at det kan være vanskeleg å motstå marknadskreftene under Black Friday.

— Mange kan slite med å rasjonalisere for seg sjølv, sjølv om ein ønsker å ta berekraftige val og ikkje ønsker å være ein del av det.

Brukte julegåver

På appen Tise kan du legge ut og selje alt frå gamle klede til møblar og turutstyr. Dei vil inspirere folk til å kjøpe brukt oftare, og seier at fleire og fleire ønsker seg brukte julegåver.

— Gjennom ein undersøking vi har gjort i samarbeid med Nordea, ser vi at 50% er villige til å bruke meir tid på å finne ei brukt julegåve for å spare pengar, seier Stenseth.

Ho seier og at appen har hatt ei vekst på 100% i mengda transaksjonar gjort gjennom appen si betalingsløysing.

Dårlegare råd

På Anton Sport Lambertseter, har dei allereie merka ein oppgang i salet. Stein Haakon Colling Westerbø jobbar på sportsbutikken og seier han gleder seg til dagen.


Stein Haakon Colling Westerbø synes det er artig med Black Friday. Foto: Kjersti Hareland

— Eg håper det blir mykje å gjere! Eg likar best å jobbe når det er hektisk og mykje trøkk.

Gjennom ei meiningsmåling gjort av Opinion for Virke, svarar 57% at dei har dårlegare råd i år enn i fjor. Grunna rentehevingar, dyrare straum og mat, har og mange familiar vald å kutte ut gåvene heilt.

Sjølv om fleire seier dei har dårlegare råd denne jula, har ikkje Anton Sport merka ein nedgang i salet i år, nærare tvert i mot.

— Vi har faktisk sett ei auking i salet vårt opp mot Black Friday, det er overraskande mange som har kome, seier Westerbø.

Tips og triks

Om du ikkje har alle gåvene klare, har Sigrun Stenseth eit par tips om du ønsker å få eller gje bort brukte julegåver i år:

  • Sei tydeleg i frå om kva du ønsker deg til jul
  • Lag ei ønskeliste på Tise og del den med vener og familie
  • Om du er usikker er det og mogleg å kjøpe gåvekort på Tise!