Forsvarets stabsmusikkorps er Noregs største profesjonelle blåseorkester. Foto: Mathilde Bjerk

Prisvinnande klarinettist

Torsdag 1. februar hadde Forsvarets stabsmusikkorps konsert, med Ingunn Korsgård Hagen (28) som dirigent og Vera Aadland (23) som solist på klarinett.
Fredag, 2 februar, 2024 - 11:42

Forsvarets stabsmusikkorps fylte Ridehuset scene, på Akershus festning med klassisk musikk torsdag kveld. Korpset er eit av Forsvarets fem musikkorps, og består av tilsette i Forsvaret.


Klarinettisten Vera Aadland (23) var med Forsvarets stabsmusikkorps som solist. Foto: Mathilde Bjerk

Vera Aadland (23) har spela klarinett i 15 år. Ho starta med å spele i Bekkelaget skoles musikkorps, og nå studerer ho ved Mozarteum i Salzburg, i Østerrike.

– Kva er grunnen til at du får være med FSMK som solist i kveld?

– I januar i fjor var eg med i ein konkurranse som heiter Ungdommens musikkmeisterskap (UMM), som er ein av Noregs største musikkonkurransar med alle moglege disiplin, fortel Aadland.

UMM er nemleg ein konkurranse der dei som kjem vidare frå dei regionale finalane kan bli med å kjempe om finaleplassane i dei nasjonale konkurransane. Alle dei deltakarane som kjem til finalen i dei nasjonale rundane mottar alle ulike prisar. For Aadland sin del var prisen å få være solist ein kveld ilag med FSMK.

Om førebuingane som ligg bak ein stor konsert seiar Aadland at det meste av førarbeidet blir gjort i forkant av førebuingane til den spesifikke konserten. Ein må øve på grunnleggande ting gjennom heile året. Så er det å lære seg eit stykke inn og ut, utan å lære alt som skjer i orkesteret.

– Det er mykje førebuing, men det er også veldig gøy, fortel Aadland.


Ingunn Korsgård Hagen (28) gjesta som dirigent for Forsvarets stabsmusikkorps. Foto: Mathilde Bjerk 

Med på konserten var også dirigent Ingunn Korsgård Hagen (28), som til vanleg jobbar som assistentdirigent i Bergen Filharmoniske Orkester. Før den nåverande jobben var ho assistentdirigent i Stavanger Symfoniorkester. Ho har også ved tidlegare anledning gjesta som dirigent for FSMK, på ein lunsjkonsert. 

Få dagar på førebuing

– Kva var det som gjorde at du fekk vara med som dirigent her i kveld?

– Dirigentar jobbar ofte frilans, så korpset leigar oss inn til forskjellige veker. Og då kjem det ein ny dirigent nesten kvar veke, fortel Hagen.

Korpset har på førehand øvd inn stykka som skal spelast på konserten på eiga hand. Fire dagar før møter dei opp til øvingar, og har då få dagar på å få alt på plass til ny konsert.

– Kva planar har du vidare for karrieren di?

– Eg har mange planar. Eg har vore så heldig og fått mange førespurnadar, og eg reiser mykje rundt og har konsertar på denne måten. Neste veka skal eg til Trondheim Symfoniorkester, dette fortel Hagen.

Programmet for kvelden bestod av musikk av Verdi, Rossini, Debussy, Stravinskij, Messiaen, Jolivet og Gotkovsky.

Vera Aadland som klarinett solist i Rossinis «Introduksjon, tema og variasjon».

 

Emneord: