Frå 1. februar kan du søke på høgare utdanning. Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

No kan du søkje på høgare utdanning

Frå 1. februar opnar søknadsportalen til Samordna opptak. Professor Åse Marie Ommundsen håpar at fleire søkjar på lærarutdanninga.
Fredag, 2 februar, 2024 - 10:54

Dei siste åra er det enkelte utdanningar som har fått fleire søkjarar enn tidlegare år. Blant desse står økonomiske og administrative fag, ifølgje Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Også helsefag fortsett å gjere det godt, som tidlegare år.

Færre veljar lærarutdanninga

Over dei siste åra er det lærarutdanninga som totalt sett har hatt den største prosentvise nedgangen i antall søkarar. Det skriv Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Det er framleis mange som ønskjer å ta lærarutdanninga, men færre er kvalifiserte nok, og får derfor ikkje tilbod om studieplass.  


Professor ved OsloMet, Åse Marie Ommundsen. Foto: Sonja Balci / OsloMet

Professor Åse Marie Ommundsen jobbar for fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar, ved OsloMet. Ho meiner at noko av grunnen til at færre søkte på lærarutdanninga i 2023 kan være på grunn av pandemien.  

– Det blei mykje fokus på at det var tøft å jobbe både som sjukepleiar og lærar under pandemien. Medan andre fekk tilrettelagt med heimekontor, måtte lærarane stå i klasserommet, fortel Ommundsen.

– Er det noko som kunne gjort det meir attraktivt for søkarane å velje læraryrket?

– Eg trur at det finns ein frustrasjon blant lærarar, fordi dei må bruke veldig mykje tid på administrativt arbeid. Men det dei har lysst til, er å være i klasserommet ilag med elevane sine, fortel Ommundsen.

Ommundsen meiner i tillegg at det å få betre ordningar på utstyr, som fysiske skulebøker og betre ordningar på kontorplassar vil løfte jobbkvardagen til lærarane.

– Om søkartalet ikkje går tilbake til normalen i år, tenkjer du at det er sjølve utdanninga som må endrast på eller arbeidsforholda til lærarane?

– Eg trur at det i såfall er arbeidsforholda, for dei studentane me har er veldig nøgde med utdanninga si, så eg trur ikkje det er utdanninga som er problemet. Men det betyr jo ikkje at me ikkje alltid skal jobbe for ein betre utdanning, fortel Ommundsen.

Vil ha meir praksis

Ommundsen fortel at frå tidlegare år har studentane etterspurt meir praksis gjennom studieløpet. Det er blitt innført praksis i løpet av alle åra i utdanninga. Det er noko ho trur studentane er godt nøgde med.

– Studentane får veldig ofte tilbod om jobb i dei skulane der dei har vore i praksis. Då får dei moglegheita til å prøve ut det dei lærar på studiet i faktiske klasserom heile tida, og det trur eg førar til betre lærarar, fortel Ommundsen.

Dette var studiene flest hadde som sitt førsteval i 2023, ifølgje Samordna opptak:

Studienamn

Lærestad

Studiestad

Antal søkarar

Siviløkonomutdanninga NHH Bergen 2 170
Rettsvitskap (jus), haust UIO Oslo 2 159
Rettsvitskap UIB Bergen 1 926
Organisasjon og leiing, Rena, deltid, nettbasert HINN Rena, nettstudium 1 391
Leiing UIT Alta, nettstudium 1 249
Industriell økonomi og teknologileiing NTNU Trondheim 1 245
Politiutdanning, Oslo PHS Oslo 1 187
Arkitekt AHO Oslo 1 133
Økonomi og administrasjon, Trondheim, bachelor NTNU Trondheim 991
Bærekraftig økonomi og leiing, deltid NMBU Ås, nettstudium 973