Johanne Østensen (18), Saga Wirén (18), Arta Sabriu (18) og Sina Skarnes (18) snakkar om korleis trendar på Tiktok påverkar ungdommar. Foto: Kjersti Hareland

Ny trend skapar kroppspress

Den nye trenden "Legging legs" på Tiktok skapar debatt, og mange meiner det lager unødvendig kroppspress. No har Tiktok fjerna emneknaggen til trenden.
Onsdag, 7 februar, 2024 - 14:08

Ei jente poserar i tights på Tiktok medan ho vrir kroppen og viser fram beina sine i ulike vinklar. Ei jente skriv i kommentarfeltet: “i don´t have legging legs and will never wear leggings again”. Andre uttrykker frustrasjon over den nye trenden og meiner at om ein har bein og leggings, har ein automatisk “legging legs”.  

“Legging legs”-trenden går altså ut på at det er visse bein som passar best i leggings, eller tights. Desse beina er ofte tynne og har glipe mellom låra. Fleirtalet av videoane som omtalar trenden, stiller seg derimot kritisk til “legging legs” og meiner det skapar unødvendig kroppspress.

Om ein no søkjer på emneknaggen “legging legs” kjem ein berre fram til ei side der det står “Du er ikkje aleine” og info om hjelpesenteret ROS (Rådgivning om spiseforstyrrelser). Tiktok har tidlegare fjerna emneknagger på andre alvorlege og sensitive tema, deriblant “sjølvmord” og “self harm”. 

– Vi går attende i tid

Vi møter Johanne Østensen, Saga Wirén, Arta Sabriu og Sina Skarnes på Elvebakken VGS ein tysdag ettermiddag for å snakke om kroppsfokuserte Tiktok-trendar. Alle jentene går i 3. klasse, og alle brukar Tiktok dagleg.

Jeans med lav midje, som ikkje er for tettsittande, “layers”, eyeliner  og “sleek” hårfrisyre er blant dei mange trendene som florerar blant ungdommen i dag. Desse trendene kan ein sjå på elevane ved Elvebakken vidaregåande skule. 

– Eg har sett nokre tiktokar av “legging legs”, men eg har ikkje brydd meg noko særleg, seier Johanna Østensen.  


Jentegjengen på Elvebakken har ungdomsbedrifta Advertex saman, som produserar Tiktok-videoar for skulen og andre bedrifter. Foto: Kjersti Hareland 

Saga Wirén fortel at ho har sett flest menneske som har snakka imot det.

– Folk seier det bidreg til kroppspress, og at vi går veldig langt attende i tid, fortel Wirén.

Personleg meiner Arta Sabriu at alle trendar er resirkulerte og at det sjeldan kjem noko nytt.

– Eg synest det er veldig teit, og trendane skaper alltid mange problem for unge, fortel Sabriu.

Flinkare til å scrolle vidare

Jentene meiner at det kjem an på alderen til publikum, når vi spør kven dei trur bli mest påverka av videoar på Tiktok.

– Det er kanskje born rundt 14-årsalderen som blir mest influenca av videoane på Tiktok. Nå som vi har blitt litt eldre, er vi flinkare til å heller scrolle vidare, seier Østensen.

– Likevel trur eg mange jenter som kanskje slit litt med kropp, kan legge til desse trendane i ei stor «pakke» med ideal som ein må følgje, seier Wirén og lagar hermeteikn. 


Saga Wirén meiner jenter ser trendar på Tiktok og legg dei i ei “pakke” med ideal dei ser opp til. Foto: Kjersti Hareland 

Auke innan eteforstyrringar

I ein artikkel frå Folkehelseinstituttet kjem det fram at det har vore ei stor auke i antall fyrstegongsdiagnosar for eteforstyrringar og tvangslidingar blant kvinner i alderen 18-24 år etter pandemien.

Spiseforstyrrelsesforeningen (Spisfo) er ei foreining for dei som på ein eller annan måte er påverka av eteforstyrringar, eller som har eit vanskeleg forhold til kropp, mat og vekt.

Elin Moen og Karoline Tahlberg er rådgjevarar ved Spisfo og fortel at dei merka ei tydeleg auke av hendvendingar både under og etter pandemien. Fleire har tatt kontakt og sagt at dei opplevde vanskar sjølv, men også pårørande og andre kjenningar. Dei fortel og at fleire og fleire tar kontakt på Spisfo sine nasjonale chattenestar og støttetelefonar. 

– Uheldig kroppsfokus

– Det har lenge funnest trendar som er knytte til kropp. Korleis trur de desse trendane påverkar unge menneske og deira mentale helse?

– Me trur at slike trendar skapar eit uheldig kroppsfokus, meir samanlikning og eit auka kroppspress, skriv Moen og Tahlberg i ein e-post.

Dei skriv òg at konsekvensane av auka kroppspress kan vere at ein får lågare sjølvkjensle eller sjølvbilete, noko som vidare kan bidra til ein høgare risiko for å få vanskar med mat, kropp og vekt.

– Kva kan ein gjere for å hjelpe nokon ein veit står i ein vanskeleg situasjon?

– Det er viktig å våge å spørje korleis personen har det, samstundes som at ein må våge å ta imot eit ærleg svar, skriv Spisfo.  

– Godt med nokon som lyttar

Spisfo sitt råd er difor å fortelje om relevante lågterskeltilbod som ein kan nytte seg av innan psykisk helse. Det er ulike chattenestar ein kan bruke, der ein kan være anonym og kor dei tilsette har tausheitsplikt.

– Det ligg omsorg i det å vise støtte eller ytre bekymring når ein mistenker eller står nær nokon som slit med denne problematikken, fortel Moen og Tahlberg.

– Det er heller ikkje alltid at ein ønsker råd om ein har det vanskeleg. Det kan vere godt med nokon som berre lyttar.


Utsjånaden til Kate Moss på 90-talet har skapt ein ny trend på Tiktok. Foto: Nicholas Andrew (PDM 1.0 DEED Flickr) 

Kate Moss-trenden

Ein annan trend som blussa opp i løpet av vinteren, var at ein skulle sjå ut som Kate Moss på 90-talet, da ho var ganske tynn og kunne virke veldig sliten.

Merka de denne trenden på skulen?

– På skulen merka eg ingenting til det, men på fest kunne eg legge merke til jenter som gjekk med veldig mørk sminke, gjerne under auga for å sjå litt sliten ut, fortel Wirén.

– Eg har ikkje sett det i Noreg, men på Tiktok var det trendy å sminke seg til mørke sirklar under auga, forklarar Sina Skarnes.

Ikkje berre jenter

– Korleis trur de gutar blir påverka av trendar på Tiktok?

– Eg tenkte på det no nettopp, vi snakkar mykje om jenter nå, men eg trur gutar òg føler på mykje kroppspress, seier Østensen.

Jentene nikkar og seier seg einige.

– Dei ser nok på mange videoar på Tiktok av gutar som trener og har store musklar og alt det der, og føler nok på det same som oss, at det som er på Tiktok, er det rette, fortel Østensen vidare.

 

 

Treng du nokon å snakke med?

Ring 113

  • Ved akutt risiko for sjølvmord, ring 113. Ring heller ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Legevakt

  • Ring legevakta på 116 117 for augeblikkeleg hjelp

Rådgiving om eteforstyrringar (ROS)

  • Ring via 94 81 78 18
  • Chat via nettros.no

Spiseforstyrrelsesforeningen (Spisfo)

  • Støttetelefon: 22 94 00 10
  • Chat via spisfo.no