Aksjonsgruppa for Palestina sto tidleg på morgonen i dag for å ynskje politikarane velkomne før dei skulle stemme for eller mot sanksjonar mot Israel. Dei hadde klar beskjed. Foto: Kjersti Hareland

– Vi kjem ikkje til å gje oss

I dag skal Stortinget stemme mot eller for sanksjonar mot Israel. Aksjonsgruppa for Palestina hadde klar beskjed til politikarane.
Torsdag, 1 februar, 2024 - 12:59

Det har gått 117 dagar sidan Hamas gjekk inn i Israel og drap 1100 personar. Israel sin militære reaksjon har drepe minst 25 000 palestinarar. Krigen har skapt mykje engasjement, og mange meiner verda gjer for lite for å hindre kampane i Midtausten.


Anne Gerd Grimsby Haarr ynskte demonstrantane velkomne. Foto: Kjersti Hareland 

Bevegelse for sterkare tiltak

Torsdag 1. februar har mange menneske møtt opp på Eidsvoll Plass ved Stortinget for å demonstrere for fleire sanksjonar mot Israel.

Demonstrasjonen vart arrangert av Aksjonsgruppe for Palestina, og Anne Gerd Grimsby Haarr ønska velkomen til dei som møtte opp.

– Dei kjem mest sannsynleg til å stemme mot sanksjonar i dag, men vi kjem ikkje til å gje oss, seier ho.

Vidare seier ho at ho veit at det er bevegelse på Stortinget for å gjere sterkare tiltak, og at det er derfor dei er på Eidsvolls Plass i dag.

Stikk til Arbeiderpartiet

Ein av dei som deltok på aksjonen var Cinta Asmara Hondsmerk, student ved OsloMet. Ho ynskjer seg at fleirtalet stemmer for sanksjonar mot Israel, men er redd det kjem til å gå motsett veg.

– Eg håpar dei stemmer for, men sist gong vart ikkje resultatet så bra, så eg tør ikkje ha for store forhåpningar.

Hondsmerk har møtt opp i dag med kvite roser med ein lapp med ei QR-kode som visar til kor mange underskrifter Aksjonsgruppa for Palestina har samla inn.

– Slik kan politikarane sjå kor mange som har skrive under for sanksjonar mot Israel. Så får vi sjå kva som skjer seinare i dag.

Dei kvite rosene skal vere eit spel på Arbeiderpartiet si raude rose som står for solidaritet og kjærleik.


Cinta Asmara Hondsmerk møtte opp med kvite roser og liksomblod på hendene for å demonstrere. Foto: Kjersti Hareland

Avhengig av vestlege land

NATO fordømte Hamas-angrepa som skjedde 7. oktober, men meinte og at Israel måtte svare med proporsjonale midlar.

Grimsby Haarr seier at det som skjer i Palestina er veldig avhengig av vestlege land si støtte.

– Noreg må gjere de vi kan for å vise at vi ikkje aksepterer handlingane.

Stortinget stemte for å anerkjenne Palestina som stat i november, men har foreløpig ikkje gjeve uttrykk for at dei kjem til å stemme for sanksjonar mot Israel. Resultatet av voteringa vil kome i løpet av dagen torsdag 1. februar.


Det var rundt 50 personar som møtte opp på Morgonaksjon før Stortinget skulle stemme. Foto: Kjersti Hareland 

 

 

Emneord: