Ingen transportstreik

Partane kom fram til ei løysing elleve timar på overtid.
Torsdag, 15 april, 2010 - 11:10


Meklingsmann Carl Petter Martinsen la fram ei skisse til løysing som partane aksepterte torsdag ettermiddag. Sjølv om det ikkje blir streik, er det fortsatt mykje å diskutera mellom forbunda.

Dei fire involverte forbunda er samde om at forslaget til riksmelklingsmannen skal ut til uravstemming blant medlemmane, men når det gjeld til dømes bussbransjen er ikkje forbunda samde om kor vidt vedtaket skal aksepterast eller ikkje. Uravstemmingane skal gjennomførast innan 4. mai. 

Kunne fått store konsekvensar

Forbunda til blant anna busssjåførane varsla i forkant at rundt 2000 tilsette kunne bli tatt ut i streik viss meklinga ikkje vart lukka. Til saman kunne 10 000 arbeidstakarar ha blitt tatt ut i streik.

Les også: Ny storstreik vil ramme kollektivtransporten.

(NTB)

 

Emneord: