Oslo vest med eigen tjukkasgjeng

Turgruppa Tjukkasgjengen har nett fått si eiga avdeling på Oslos vestkant. Journalen tok på seg joggeskorne og vart med ut på tur.
Tirsdag, 27 mars, 2012 - 15:48


Med lysande refleksvestar ser du dei gjennom Frognerparken kvar måndag og onsdag klokka seks. Ei lita gruppe med blide folk som ruslar, joggar, ler og skravlar seg gjennom ein fast runde på 5,7 kilometer.

Bli med på tjukkastur! Sjå film her.

Tjukkasbølgje

Det heile byrja med mossingen Jan Ellefsen, som etter julefeiringa bestemte seg for å kome i form. Han fekk med seg vener på tur, og på kort tid vaks det seg til ei stor gruppe med turglade menneske i Moss. Konseptet fekk det sjølvironiske namnet Tjukkasgjengen, og ideen spreidde seg på få månader via Facebook.

Tjukkasbølgja har no nådd ut til det ganske land, og har i dag rundt 200 undergrupper og tusenvis av aktive. Nordmenn i utlandet har også latt seg inspirere, og ein finn tjukkasgjengar i mellom anna Hellas, Sør-Afrika og Tyrkia.

Tjukkasgruppa har eitt krav: Du må vere blid! Foto: Ingvild Skølt.

Ut på tur, aldri sur!

Monica Olsen-Holmen såg eit innslag om Tjukkasgjengen på tv, og tenkte at dette var ein gyllen mogelegheit til å kome seg over dørstokkmila. Ho tok initiativ til å starte opp ei gruppe i Oslo vest, og dei siste tre vekene har dei møttest minst to gonger i veka. På stamkafeen ved Frognerbadet er det start og målgang, gjerne med ein kaffikopp attåt.

Vanlegvis er dei rundt 10 stykkje på tur, men Olsen-Holmen håpar at dei får lokka fleire vestkantbebuarar opp frå sofaen.

– Det einaste kravet me har, er at folk er blide, forklarar ho, og håpar at dei snart er mange nok til å setje opp ulike løyper.

Monica Olsen-Holmen er initiativtakar bak Tjukkasgruppa Oslo Vest. Foto: Ingvild Skølt.

Ingen vektklubb

Trass i namnet, er Tjukkasgruppa open for alle, uavhengig av alder, fasong eller fysisk form.

– Ein treng absolutt ikkje ha eit overvektsproblem for å vere med, og me har ikkje fokus på det å bli tynn eller sprekast mogeleg, seier Olsen-Holmen.

– Det er heilt i orden om nokon vil ta seg ein Kvikk Lunsj undervegs!