Laila Granseth og Heidi Jørgensen har ei travel, men hyggeleg førjulstid framfor seg på "Sammen". Foto: Kjersti Hareland.

Sammen om einsamheit

Jula nærmar seg, og dagane blir kaldare. Hjå Frelsesarmeen på Grønland er alle velkomne inn i varmen.
Tirsdag, 28 november, 2023 - 18:39

Rett ved t-banestasjonen på Grønland ligg «Sammen», eit tiltak starta av Frelsesarmeen, som tilbyr fellesskap, og gode opplevingar for vaksne og barn. I desember og fram mot jul arrangerer dei ei rekke aktivitetar for dei som kanskje ikkje har så god råd, eller ikkje har nokon å dele førjulstida med.

Julefest for einslege

Heidi Jørgensen er hovudkoordinator i Sammen. Saman med Laila Granseth, pastor i Frelsesarmeen, fortel dei om julefesten som blir arrangert 22. desember.

— Vi arrangerer julefest for einslege i byen, dei som ikkje har nokon å feire med. Men familiar er og velkomne. Litt tidleg julefeiring, men det er veldig koseleg, seier Granseth.

Denne festen held dei på Templet og er eit samarbeid med andre Frelsesarmeen-meinigheiter i Oslo.

Kjensla av å vere einsam blir gjerne forsterka rundt høgtider, og i fjor sa 12% av befolkninga at dei grua seg til jul. Det viser ei spørjeundersøking Opinion gjorde for Raude Kross i fjor.


Og på “Sammen” baker dei før jul, her er Heidi saman med ein frivillig, Liudmyla. Foto: Kjersti Hareland

— Mykje som er sårt

Kvart år annonserer Frelsesarmeen årets juleartist, og i år er dette 26 år gamle Yngvil frå Nesodden. Ho kjenner få som berre har eit godt forhald til jul.

— Eg har lenge hatt lyst til å skrive til ei julelåt, men syns det har vore vanskeleg. Det er mykje fint med jula, men og så mykje som er sårt, seier ho.

Låta heiter «Holder pusten i desember», og seier noko om kor ekstra vondt det kan vere i jula når ein ikkje har nokon, eller om ein kjenner seg einsam.  

— Sjølv om desember kan vere fin, ville eg setje fokus på dei som er utanfor, og korleis desember kan vere lang for dei som ikkje gleder seg.  


Yngvil syns fellesskapet i jula er fint, men at ein merkar da ekstra godt kven som er utanfor. Foto: Kjersti Hareland

Alle er velkomne

Heidi Jørgensen vil at alle som kjem til Sammen, kjenner på det at nokon gleder seg til at dei kjem.

— Vi er som ein familie. Dei som kjem hit har ofte ikkje mange å feire jula med, så vi vil vere familien deira, seier ho.

Ho fortel vidare at ein ikkje nødvendigvis er mindre einsam fordi ein bur med ein familie. Om ein har kome til eit nytt land, eller har lite nettverk kan ein og føle seg einsam sjølv om ein har familie. 

— Det å gjere noko saman med andre, at nokon har gleda seg til å treffe akkurat deg, er kjempeviktig. 

— Vi tenkjer ofte på kva det var vi likte da vi var små, også gjer vi det, berre litt større.