Over 70 personar er påstått arrestert etter at Dark Justice starta si eiga heksejakt på pedofile. Foto: Skjermdump / Dark Justice si heimeside

Jaktar pedofile på eiga hand

"Dark Justice" er ein britisk duo som saman jaktar pedofile menn på internett.
Tirsdag, 14 februar, 2017 - 13:10

Dei har framleis ikkje stått fram med ekte namn, men kallar seg “Scott” og “Callum”. Med gruppenamnet Dark Justice operera dei ut i frå byen Newcastle i England.

I følge gruppa si heimeside har dei bidrege til at 73 pedofile har blitt arrestert, 42 av desse er blitt dømde og 20 sitter i fengsel. Dette etter at dei starta gruppa hausten 2014. På heimesida ligger all informasjon om dei dømde med både bilde av personen, historikk om metode og om sjølve arrestasjonen.

Eit raskt klikk fører til ein av mange chatloggar som ligger offentleg for alle.

— Love 2 be your toy boy U want a slave and human toilet today

Dette skriv ein 22 år gammal mann til det han trur er ei 13 år gammal jente. Sjølv om jenta fortel mannen om sin unge alder, fortsett mannen å foreslå seksuelle handlingar, før han til slutt vil møte den unge jenta. Det som møter han i staden for, er eit videokamera og Dark Justice.

Kontroversielle metodar


Gruppa ynskjer å arbeide anonymt og går under kallenamna “Scott” og “Callum” Foto: Privat / Dark Justice si facebook-side

Via ulike chattegrupper og sosiale media på internett, lagar dei falske profiler medan dei ventar på at eldre menn med uetiske motiv skal ta kontakt. Dark Justice er ikkje dei som tar kontakt først, og dei prøvar ikkje å starte seksuelle samtalar. 

Først etter at den mistenkte har foreslått eit møte, tar duoen over og anbefala ein plass der gruppa føler seg trygge og der dei kan kontrollere omgivnadane.

Duoen påstår at dei ikkje er hemnarar som operera over lova, men at dei er bekymra medborgarar som jobbar tett saman med politiet.

—  Vi kjem til å fortsette arbeidet for å fange desse seksuelle overgriperane som terrorisera våre barn, og vi vil gjere vårt beste for å skape bevisstheit rundt den epidemien som våre barn møter på internett i dag, skriv dei på gruppas eiga heimeside.

Delte meiningar om konsekvensar

Sjølv om duoen har motteke mykje støtte frå det engelske folket, så er de fleire som setter søkelyset på dei negative følgene som kan oppstå i denne typen jakt.

Pete Saunders, ledar for the National Association for People Abused in Childhood (APAC) har i eit intervju med Ibtimes uk uttrykt frykt for at grupper tar lova i eigne hender.

— Vi vil ikkje at grupper blander seg inn i dette arbeidet fordi det kan kome i vegen for den vidare straffesaka. Det er viktigare at politi og myndigheiter mottar meir ressursar for å få arrestert dei kriminelle, seier Saunders.

Peter Garsden, advokat for the Association of Child Abuse Lawyers (ACAL), seier seg einig i at politiet har for stor mangel på ressursar for å halde nede denne type kriminalitet.  

— Det kan bli problem med måten bevismateriale blir henta inn på frå desse gruppene. Det blir utført av amatører og ikkje profesjonelle, seier han til Ibtimes uk.

Sjølv om Dark Justice har blitt møtt med skeptiske haldningar for sine kontroversielle metodar, forsvara dei seg med at dei høge resultata snakkar for seg sjølve.

Finnes også i Norge

Det er ikkje berre i utlandet at det finnes grupper som jaktar pedofile på eiga hand. På facebook-gruppa Barnas Trygghet oppdaterast det kontinuerleg med både namn på dømde pedofile, bileter av dommen og samtalelogg.

Ei anna gruppe med same namn tar sterk avstand frå denne facebook-sida og vil ikkje bli samanlikna med den.

- Vi gjer ting på riktig måte. Vi henger ikkje ut mistenkte, eller den faktiske overgriparen på nett, men lar politiet vurdere saka. Dette med tanke på familie og vener av mistenkte, står det skrive på heimesida deira.