

No skal dei kommunale boligane fordelast betre
I fjor opererte Boligbygg med kjøp av bustader vest i byen. 103 av 252 kjøp blei gjort i Frogner bydel, ifølgje Dagens Næringsliv. Dette blei gjort som verknad av politikk vedteke i 2014, om at ein skal unngå opphoping av kommunale bustader aust i byen, skriv Hegnar.
Likevel er Sagene bydel forsatt den bydelen med flest kommunale bustader. I 2016 var det over 2300 bustader til disposisjon, inkludert omsorgsbygg. No blir nokre av dei selt.
– Vi har selt rundt 50 bustader i bydelene Gamle Oslo, Sagene og Grünerløkka i år, så vi har tilført noko til markedet også, seier Magnus Thun, bustadskjøpar i Boligbygg.
Oslo kommune har sett av 800 millionar til bustader for vanskelegstilte i 2017.