Illustrasjonsfoto: Sunniva Grimstad Hestenes

Noreg er blant verstingane på plastposeforbruk

Forskar meiner det ikkje finns noko eintydig svar på kvifor Noreg er i Europa-toppen på høgt plastposeforbruk.
Mandag, 25 november, 2019 - 11:24

I november publiserte OsloMet ein forskningsrapport som seier at Nordmenn er i Europa-toppen med 180 posar per innbyggjar per år. Europearar brukar om lag 100 milliardar eingongsbereposar i plast året rundt, der 4,5 prosent av dei kjem på avvege. 


Marie Hebrok forskar innan teknologi & bærekraft på Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet. Foto: privat

Ein av forskerane som skreiv repporten var Marie Hebrok. Ho seier at dei ikkje har noko eintydig svar på kvifor nordmenn er på plastposetoppen, men trur det har med handlevaner, kjøpekraft og tilgjengelegheit å gjere. 

– Vi har høg butikktetthet i Noreg og handlar ofte, samstundes har vi høg kjøpekraft og plastposane er det mest tilgjengelege alternativet, forklarar Hebrok.

Usikkerheit i fagmiljøa

Hebro seier at det enklaste nordmenn kan gjere for å komme ned frå toppen er å gjenbruke dei plastposane og handlenetta vi allereie har. Samstundes er det stor usikkerheit i fagmiljøa rundt kva for posealternativ som er best for miljøet.

– Det er til dømes ikkje berre å bytte ut plast med papir eller bomull, og så er problemet løyst.

Ein dansk studie har fått stor merksemd, mellom anna i programmet Folkeopplysninga i Norge. Resultatet viste at for å vege opp for miljøbelastninga av eit handlenett i bomull samanlikna med ein plastpose, måtte ein bruke bomullsposen tjue tusen gongar, seier forskaren.

Vidare fortel ho at denne studien også er omstridt på grunn av ulike faktorar dei har inkludert og ekskludert i berekningane. 

– Difor jobbar Handelens Miljøfond no saman med ulike forskningsmiljøar, inkludert SIFO for å komme nærmare eit svar her, seier Hebrok.

Lite tiltak mot plastposebruk 

Forskaren trur at norske handlevanar er grunnen til at vi har lav plastreduksjon. Samstundes er det få tiltak mot plastposebruk i Noreg. 

– Til dømes i Danmark har det vore ein avgift på plastposar sidan 1993, og kanskje har ein difor endra vaner der over tid. Danmark har halvert plastposeforbruket sitt i løpet av den tida, seier Hebrok

Vidare fortel ho at Tyskland har redusert tilgjengeligheta av plastposar i butikkane, og det er på butikkanes eige initiativ.