

Må utsetje NM i kunstløp
Journalen skreiv i haust om opninga av Sonja Henie ishall på Frogner. Hallen vart offisielt opna i byrjinga av januar i år, og Oslo Skøiteklub skulle starte det nye året med å arrangere NM helga 15.-17.januar.
På grunn av koronarestriksjonane må klubben no utsetje arrangementet.
– NM er utsatt til mars, og det gjenstår vel å sjå om det blir noko av då også, seier leiar i Oslo Skøiteklub Elias Christensen i ein SMS til Journalen.
Christensen trur at arrangementet vert avlyst dersom det ikkje går å gjennomføre i mars heller.
Norges Skøyteforbund bekrefter på sine heimesider at ny dato for NM/LM i Sonja Henie-hallen er satt til 19.-21.mars, og at dei jobbar med å finne ut korleis utøvarane skal kvalifisere seg til NM, slik at alle klassar skal få ein rettferdig moglegheit til å kvalifisere seg til meisterskapet.