Etter eit utruleg padlerykk seiler Klæbo inn til endå eit gull. Foto: Skjermdump NRK

Ingen kan måle seg med Klæbo

Johannes Høsflot Klæbo rykker frå i siste etappe, og blir verdsmeister saman med lagkamerat Erik Valnes i lagsprinten.
Mandag, 1 mars, 2021 - 10:40

I siste bakken legger Johannes Høsflot Klæbo inn eit suverent padlerykk som ingen andre klarer å henge med på. Han legg seg ut på sida av sporet og tar meter på meter, og renner kontrollert inn til endå eit norsk gull.

– Det er heilt enormt. Eg syns me gjør ein kjempejobb, seier Klæbo til NRK rett etter finalen i VM-lagsprint i Oberstdorf.

Kommentator for NRK Torgeir Bjørn er imponert over Klæbo sin prestasjon, og seier:

– Dette er noko av det mest imponerande me har sett av Klæbo. Først henta han inn russiske Gleb Retyvikh og så klarer han eit fenomenalt padlerykk.


Klæbo seiler suverent inn til siger og møter lagkamerat Erik Valnes i mål. Foto: Skjermdump NRK 

Spenning i finalen

Det var stor spenning i finalen då Aleksandr Bolsjunov rykka frå alle i nest siste etappe, og fekk ei god luke ned til Erik Valnes som låg på andre plass. Russaren fekk 4,3 sekunder til Norge, men Valnes veksla med Klæbo som tok opp jakta.

– Eg hadde eit mål om komme meg fortast mogeleg opp i ryggen, og så syns eg det var merkeleg vegval av nokre. Eg gjekk til høyre der det var skaprt, og høyrte at eg fekk eit par meter. Då var det berre å køyre inn til mål, forteller Klæbo til NRK.

Resultat lagsprint menn 

1. Norge: 15:01.74

2. Finland: +1.6

3. RSF: +2.0

4. Frankrike: +13.9

5. Italia: +16.6

6. Sverige: +17.0

I motsetning til Klæbo valte Retyvikh og finske Joni Maki å gå i midten av sporet. Også sprinttrenar Arild Monsen er overraska over at ingen av dei andre gjekk på sida.


I den siste bakken går Klæbo ut på sida av sporet og setter fart. Verken russiske Gleb Retivykh eller finske Joni Maki klarte å henge på. Foto: Skjermdump NRK

– Det er mykje betre glid der Johannes går, og absolutt betre å gå på sida der ingen andre har gått, seier Monsen.

Valnes er også strålande nøgd med lagkameraten, sjølv om han var uroa for den store luka russaren hadde.

– Eg vart fryktelig stiv over toppen, og eg var redd luka skulle bli for stor, men eg tok ut det eg hadde. Så er Johannes super som vanleg, og tar det inn, seier Valnes.

Svensk siger for kvinnene

Sverige styrte heile løpet på kvinnesida, og klarte å holda ledelsen heilt inn i mål med Jonna Sundling på siste etappen. Norge var ikkje med i medaljestriden på slutten, og endte på ein sjetteplass.


Jonna Sundling og Maja Dahlqvist får gull i lagsprinten. Foto: Skjermdump NRK

Resultat lagsprint kvinner

1. Sverige: 16:27.94

2. Sveits: +0.9

3. Slovenia: +3.4

4. RSF: +3.9

5. USA: +5.8

6. Norge: +18.9

Maiken Caspersen Falla som gjekk sisteetappen begynte å falle av allereie på sin nest siste runde, og på sisterunden fallt ho frå leiargruppa.

– Me hadde jo håpa på meir, men det er mange sterke lag og i dag gjekk det ikkje, seier lagkameraten Tiril Udnes Weng til NRK.

Caspersen Falla er skuffa etter finalen og fortel til NRK at ho hadde ein tung dag i dag, men tok ut alt ho hadde.