Moseid meiner me treng nokon små som skrik med høg stemme for å ha innverknad på dei som styrer skuta. Foto: Privat.

Grøne oljearbeidarar

Oljearbeidarar står fram som grøne veljarar. Dei vil omstillinga skal byrja før det er for seint.
Mandag, 13 september, 2021 - 16:55

Jon Andreas Moseid (29) jobbar som maskiningeniør og stemmer grønt, til tross for reaksjonar frå kollegaar. Han merker at debatten er meir polarisert enn før, ettersom dei grøne får større oppslutning.  

– Me treng nokon små som skrik med høg stemme for å ha innverknad på dei som verkeleg styrer skuta, seier han.

Ved førre val var det få som tok miljørørsla seriøst på same måte som i dag. Dei var ikkje frykta. Han ser at no som dei kan ha ei reell påverknad på framtidig klimapolitikk, er det mange som bekymrar seg.  

Står fram  

Til tross for at det er eit sårt tema, har Daniel Sollien vært open om kva han meiner i eit intervju med Klassekampen. Han vil avvikla si eige bransje og var usikker på korleis folk ville reagera. Men responsen har vore utelukkande positiv.  

– Ikkje alle er einige, men alle er veldig fornøgde med at eg tar opp saka og takkar meg. Ingen er direkte negative, seier han.


Karijord har sju år med erfaring frå oljeplattform. No er han politisk rådgjevar for MDG. Foto: Tone Ollestad

Klima blir no tatt meir seriøst, men dei snakkar meir om kva endringane kan gjera med jobben deira. Det er ikkje lett å snakka om ting som er uheldige for jobben din. 

Måtte omstille seg 

Etter oljekrisa i 2014 bestemte prosessingeniøren Kenneth Karijord (31) seg for å omstilla seg til noko meir miljøvennleg og framtidsretta. Nedgangen til industrien var ikkje noko han ville bruka resten av livet sitt på og han forstår at folk er bekymra.  

– Miljørørsla må ta innover seg at oljerørsla ikkje er noko abstrakt uti havet, men at ho er fordelt langs heile Noreg, seier Karijord.

Han meiner dei kan gjera ein betre jobb i å svara på bekymringane deira. Men i den oljebaserte økonomien me har no, lener me heile vekta til velferdsstaten på eitt bein. Han meiner derfor at det ikkje er noko motsetning mellom grøn politikk og arbeidsplassar. Det må dei for å skapa framtidsretta grøne arbeidsplassar framover. 

Trenger flere næringer

Gunn Karin Hygen (73) har jobba i olje- og næringslivet heile livet og har vore i eventyret som har vore å utvikla norsk olje- og offshoreteknologi. Aldri har ho jobba i offentleg sektor, men no har ho meldt seg inn i MDG.  

Ho peiker på at Noreg lenge har vore monoøkonomiske. Det vil sei at ein bransje dominerer heile økonomien. I vårt tilfelle gjeld dette olja.  

– Eg har forbausa meg over at de sosialøkonomiske institutta aldri har advart mot  monoøkonomien i Noreg. Me har snakka om å utvikla andre næringar, men når me kan velja mellom blautkaka og rugbrød, er det så deilig å bli fort mett med sukkeret, seier ho.


Hygen valde i fjor vinter å ikkje lenger vera politisk nøytral. Foto: Kristoffer Wittrup

Verda forandrer seg

Hygen seier at det tøffaste punktet er å slutta å leta etter olje, men at det nye næringslivet er her allereie. Nokre næringsleiarar fekk sjokk i 2014 og har begynt å diversifisera, som er å spreie risiko ved å investera i forskjellige marknader.  

Moseid trekkjer fram at då han gjekk på barneskulen var det knapt arbeid innan IT, mens i dag er det ei kjempestor næring. Dei som går på barneskulen i dag vil òg om 20 år ha yrke som enno ikkje eksisterer. 

Tiden som kjem vil gje oss mange utfordringar, trur han. Verda vil alltid vera i forandring, og bedriftene som ikkje klarer å tilpassa seg vil døy ut.  

– Evna til å omstilla seg er ikkje basert på kva yrke du har, men er avhengig av kven du er som person, seier han.


Grønt bodskap på t-skjorta til Moseid, som har stemt grønt heile livet. Foto: Tone Ollestad