KRINGSJÅ: Keeperen til LSK Kvinner redda mange moglege målsjansar i dag.

Luktar kvalik for Lyn

Det gjekk ikkje vegen for Lyn på heimebane mot LSK Kvinner i dag. No risikerer dei å ikkje få vera med i Toppserien neste år.
Søndag, 7 november, 2021 - 18:46

Det starta med sol på Kringsjå gressbane, men det tok ikkje lang tid før det sure veret dominerte. Berre 11 minutt inn i kampen, smeller LSK Kvinner si Román Haug ballen i nettet til heimelaget. 

– Det var heilt nydeleg. Kunne ikkje bedt om noko betre i dag, seier Román Haug.


KAMP OM BALLEN: Lyn vil ha mål på heimebane.

LSK Kvinner brukte mykje tid på heimelaget sin banehalvdel, men det var likevel mykje futt i Lyn. Keeper Fiskestrand fikk mykje tid aleine på bortebanen. Det same gjaldt ikkje Lyn sin keeper Odden. Gong på gong måtte ho kjempa vekk forsøk på mål. 

Ho var likevel ved godt mot etter kampen.

– Det er moro med dei gode redningane, men det betyr lite i den store samanhengen, seier keeperen. 


HAR TRUA: Odden er glad det er ein kamp igjen.

No gjeld det berre å omstlla seg og gå for tre poeng i neste kamp. Den skal dei spela på laurdag mot Rosenborg. 

Spennande andre omgang

I starten av andre omgang var begge laga i full fart. Men i det 71. minutt får LSK Kvinner nok eit mål. Denne gongen er det Gausdal som skårer. 

Det blir rolegare på tribunen heilt til Aahjem skårer for heimelaget berre eit minutt før andre omgang er ferdig. Publikum vaknar og me får nokre intense minutter med overtid. Dessverre for Lyn, klarte dei berre det eine målet. 


SPENTE: Publikum vakna mot slutten av andre omgang.

Toppserien er snart over

Med tre nye poeng sikrar LSK Kvinner seg ein bronse i Toppserien. Det stod mellom dei og Vålerenga, men då Vålerenga tapte mot Stabæk i dag, kan LSK Kvinner vera nøgde. 


SNART OVER: No er det berre ein kamp igjen av Toppserien i år.

Siste kamp i toppserien er på laurdag. Då skal Lyn spela mot Vålerenga. Vinn dei ikkje den, må dei rekna med kvalikkamp.