FOKUS vil ha ordet femisid inn i den norske ordboka. Foto: Tone Ollestad.

Vald mot kvinner fordi dei er kvinner

FOKUS kvinner ønskjer å få ordet femisid inn i den norske ordboka. På frukostmøte på Kulturhuset fortalde kvinner frå Latin-Amerika og Afghanistan om korleis det påverkar kvinner rundt om i verda.
Mandag, 29 november, 2021 - 21:19


FOKUS delte ut nett for å spre bodskapet om femisid. Foto: Tone Ollestad

– Problem blir ikkje løyst utan ord som beskriv dei, seier Gro Lindstad, dagleg leiar i FOKUS.

Ordet ho snakkar om er femisid: drapet på kvinner fordi dei er kvinner.

Ho meiner det er eit paradoks at Noreg ikkje har ordet femisid i ordboka, og at me gøymer statistikk ved å halde det kjønnsnøytralt.

Kjønnsbasert vald i Noreg

Statssekretær Gry Haugsbakken (Ap) frå Kulturdepartementet opna morgonmøtet med å fortelje at få ser på femisid som eit strukturproblem. Likestilling er ein del av arbeidet til Kulturdepartementet, som 1. januar endrar namn til Kultur- og likestillingsdepartementet.

– Noreg forpliktar seg til å eliminera vald. Me har gjort mykje, men me må gjere meir, seier ho.

Det er få kvinner i Noreg som blir drepne. Men av dei som blir det, er ein fjerdedel drepen av ein tidlegare partner. Noreg har enno ikkje oppretta eit eige organ som overvaker vald basert på kjønn eller femisid.  

Dei har som mål å eliminera valden innan 2030.


Alvarez er oppteken av språket me bruker. Foto: Tone Ollestad

Forskjellar mellom Noreg og Latin-Amerika

– Me har det så bra her i Noreg. Me må passa på at me ikkje bruker det som ei sovepille, seier Lina Alvarez Reyes.

Ho er ein av produsentane bak podkasten «Voice femina» og er aktivist for latinamerikanske kvinner si sak i Noreg. I dag blir 30 000 jenter gifta bort kvar dag, og i Latin-Amerika blir ei kvinne drepen kvar andre time.

– Kampen er lang og hard, men å gje opp er ikkje akseptabelt, seier ho.

Ho lovprisar kvinnene som står i fronten og slåst og kjempar mot vald mot kvinner. Så nyleg som torsdag førre veke blei aktivistar i Mexico drepne.

Ho fortel at dei risikerer liva sine, og likevel gjer dei ikkje opp. Reyes er òg oppteken av korleis me formulerer eit av problema.

– Det er ikkje berre vald mot kvinner, det er menn sin vald mot kvinner, seier ho.


Ruiz fortalde om korleis det er å vera kvinne i Latin-Amerika. Foto: Tone Ollestad

Farleg å vera kvinne

Adriana Ruiz er statsvitar og har ei spesiell interesse for kvinner si rettferd. Med bakgrunn frå Mexico, fortel ho korleis det er å vera kvinne i Latin-Amerika, fødestaden til ordet femisid.

– Du blir opplært til å vera forsiktig. Men ingen lærer deg at kjærleik er farleg og at du kan bli drepen i din eigen heim, seier ho.

Samfunnsstrukturen tillèt dette ved å sjå på vald i heimen som noko privat. Dette vil dei endra.

Under koronapandemien har vald mot kvinner og jenter auka. Haugsbakken beskriv det som ein skyggepandemi. Kvinner og døtrer som opplever vald blir innestengde med valdsutøvaren.


Paneldebattantane frå venstre: Lina Alvarez, Lene Wold, Adriana Ruiz, Nagris Nehan og Gro Lindstad. Foto: Tone Ollestad

Arbeider mot æresdrap

Forfattaren bak boka «Ære være mine døtre», Lene Wold, er utdanna journalist og jobbar no i RISK hos Oslo politidistrikt. Boka hennar handlar om æresdrap i Jordan, og ho har intervjua 139 menn som har drepe kvinner.

– Dei hadde inga skuldkjensle, og sa at staten tvinga dei til å gjera det, fortel ho.

Eit æresdrap i Jordan kunne gje fengsel i tre til seks månadar, samanlikna med eit «vanleg» drap som gjev 15 til 20 år. Før ho snakka med mennene, trudde hu at dei drap på grunn av religion. Det var ikkje så enkelt.


Nehan (til høgre) fortel om situasjonen i Afghanistan etter at Taliban tok over. Foto: Tone Ollestad

Flykta frå Taliban

I debattpanelet står òg ein tidlegare minister i Afghanistan, Nargis Nehan. Ho flykta til Noreg i august, ikkje lenge før Taliban tok kontroll over landet. Ho fortel at det finnast tre nivå av femisid.

– Me har vald i heimen, vald på eit samfunnsnivå og vald på statsnivå, seier ho.

I Vesten har me ikkje vald på statsnivå, då kvinner tar del i korleis landet blir styrt. Me har heller ikkje vald på samfunnsnivå, då folk er utdanna og lærer at ein ikkje skal væra valdeleg mot kvinner eller kvarandre. I andre deler av verda er det ikkje slik.

– Afghanistan har vald på alle nivå. Kvinner blir ikkje behandla som menneske. Menn bestemmer kva dei og andre familiemedlem får gjera med dei, fortel Nehan.

Det er kvinna si jobb å ta vare på barna. Arabiske og sørasiatiske land er veldig mannsdominerte, og 80 prosent av afghanske kvinner opplever vald i heimen. Prøver du å seie noko, får du beskjed om at du må berre tåla det. Det er trass alt familien din.

Sidan Taliban tok over har rettane til kvinner blitt stramma inn bit for bit. Familiar sel døtrene sine for 200-300 dollar.

– ­Det fyrste dei gjer er å kontrollera kvinnene, seier den tidlegare ministeren.

Kvinner får ansvaret

Eit anna gjentakande problem er at kvinner sjølv får ansvaret for å vera trygge. I Jordan kan kvinner hamne i fengsel for å bli beskytta mot sin eigen familie.  

Til og med i Noreg har me noko liknande som heiter kode 6 og 7. Dei inneber at personer som blir utsett for vald eller trusler har krav på beskyttelse. Det moglege offeret er naudt til å flytta, endra namn og leva i skjul.


Til og med serveringa fokuserte på bodskapet til frokostmøtet. Foto: Tone Ollestad