Demonstranter feirer at innsatsen dei gjeve over mange år, har gjort ei endring. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Demonstrert i sju år: I dag kunne dei feire

Amnesty Noreg har demonstrert for fridomen til samvitsfangen Raif Badawi kvar fyrste fredag i månaden sidan 2015. Denne morgonen smilte, klappa og gråt demonstrantane av glede
Fredag, 1 april, 2022 - 16:19

– La oss glede over at Raif Badawi endelig er lauslatt, ropte Ina Tin til demonstrantane utanfor Saudi Arabias ambassade.

Tin, seniorrådgjever i Amnesty Norge, kunne fortelje at dei vil fortsetje å kjempe kampen for Raif Badawi og andre menneske i Saudi Arabia som har fått krenka menneskerettane sine. Men no blir det teke opp til diskusjon kva andre måtar dei kan krevje rettferd på.

Raif Badawi er Saudi Arabisk samvitsfange som blei dømt til ti års fengsel, 1000 piskeslag og utreiseforbod etter lauslating, for å ha oppretta ei nettside for liberal samfunnsdebatt.


Ina Tin (seniorrådgjevar i Amnesty Noreg) måtte felle ei tåre under takketalen til demonstrantane. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken. 

Ulike tankar om demonstrasjonanes fremtid

– Det er fortsatt ein kamp å kjempe for alle hans likemenn i Saudi Arabia, det er mange samvitsfangar som fortsatt sit inne, seier Ingrid Hartmark.

Hartmark har delteke på demonstrasjonen kvar gong ho har kunna i seks år. Det har ho tenkt å fortsetje med.

– No er han endeleg lauslatt frå fengsel, men han er fortsatt i eit fengsel i form av at han ikkje kan reise ut av landet og møte att familien sin i Canada, fortel Hartmark.


Ingrid Hartmark (demonstrant) meiner at ein må fortsetje demonstrasjonane mot de sjuke regimet dei har i Saudi Arabia. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken. 

Jens Brun Pedersen har vore med å demonstrert alle sju åra, men tenkjer at det no som Badawi er sett fri, er tid for å gi seg.

– Eg tykkjer dette har vore svært fint: Det er omkring 40 menneske som har samla seg kvar månad, kome frå langvegs frå og stått saman på tvers av livssyn og andre ulikheiter, i kampen for Raif Badawis fridom, fortel Pedersen.

Demonstrasjon som maktmiddel

– Demonstrantane her viser en styrke og en stamina, og at en ikkje tillater seg sjølv å gløyme, seier Andreas Sjalg Unneland, SV-politiker.

I sin appell på demonstrasjonen poengterte han att Saudi Arabia er eitt av dei landa i verda der ytringsfridom og pressefridom er på det lågaste, og at desse menneskerettane er kanskje sjølve fundamentet for eit levande demokratiet.

– Vi veit at desse demonstrasjonane er med på å legge press på norske myndigheier, som vidare har vore med på å legge press på internasjonale myndigheitar, meiner Unneland.


Andreas Sjalg Unneland (SV) takket demonstrantene for innsatsen. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Tobias Drevland Lund, Rødt-politikar, heldt også apell under demonstrasjonen.

– Det at ein har brukt ytringsfridomen som vi i Noreg har gjennom desse demonstrasjonane, er viktig, da folk i Saudi Arabia sjølv ikkje har moglegheit til å stå opp for sine rettar, seier han.

Meiner at Noreg bør ta ansvar

Ina Tin fortalde korleis brot på menneskerettar skjer mens vesten handlar gass og olje frå Saudi-Arabia, og opprettheld eit samarbeid elles.

– Vi kan ikkje gjere anna enn å vera svært høglydte i våre protestar og krav, og eg vil understreke at kampen ikkje er over, seier Tin.

Andreas Sjalg Unneland meinte også at vi må drive sjølvransaking når det gjeld kva slags rolle Noreg tek i menneskerettsproblematikken i Saudi Arabia. 


Tobias Lund Drevland (Rødt) påpekte at vi i Noreg ikkje på ta ytringsfridomen for gitt. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Tobias Drevland Lund tenkjer at Noreg sin posisjon i FNs sikkerheitsråd gjev oss ein god moglegheit for å kjempe for menneskerettar på eit internasjonalt plan. 

– Vi er óg alliert med Saudi Arabia gjennom NATO og på den måten har vi diplomatiske virkemiddel vi kan nytte oss av, meiner Drevland.