Fleire tunisiarar meiner at president Saied angrip pressefridomen i landet. Foto: Mohamed Krit

Nektar å snakka med journalistar

President Saied har unngått kontakt med journalistar i fleire år. No lagar han ei ny grunnlov som får tunisiske journalistar til å frykta for framtida.
Mandag, 30 mai, 2022 - 14:00

– Han kontrollerer alt i Tunisia no. Ingen kan seia ham imot. 

Det seier Taoufik Yacoub, tidlegare leiar for IPSI, journalistutdanninga på Universitetet i Manouba, Tunisia. Han fryktar at den noverandre presidenten styrer landet inn i eit diktatur, og bekymrar seg for framtida. 

– Journalistar er i verkeleg fare, seier Yacoub. 

Etter revolusjonen i 2011, som tvang tidlegare president Ben Ali i eksil, har pressefridomen blitt betre. 

Men no nektar presidenten å snakka med journalistar.

Regjerer åleine 

I fjor sommar fjerna president Saied parlamentet og statsministeren frå makta, med støtte frå hæren. Han ga seg sjølv einevelde, og sidan har han ikkje halde ein einaste pressekonferanse. 

– Ingen får lov til å intervjua ham, seier Yacoub.

Den einaste måten presidenten snakkar til folket på, er via talar på nasjonal TV. 

– Det er veldig vanskeleg å vera journalist i desse dagar, seier den tidlegare IPSI-eiaren. 

Dei einaste pressekonferansane som blir heldt, er når internasjonale politikarar kjem til landet. Då får utvalde journalistar koma, så lenge dei ikkje stiller spørsmål.


Soumaya Berjeb. Foto: Privat.

– Kommuniserer på sin måte

Sjølv om enkelte meiner at presidenten prøver å unngå kritikk, meiner andre at han ikkje vil snakka med journalistar av heilt andre grunnar. Ein av dei er Soumaya Berjbeb, assisterande professor på La Manouba Universitet. 

– Han er ikkje imot journalistar, han er redd for dei, seier Berjeb. 

Ho seier at han har ei eige oppfatning av korleis journalistar jobbar, og presiserer at han har latt seg intervjua av internasjonale media. Han formidlar berre på TV fordi det er stilen hans.

– Han er lærar av den tradisjonelle typen. Han liker å vera personen som presenterer informasjon, fortel ho.

Ny grunnlov truar pressefridomen

I desember 2021, fem månadar etter at presidenten kasta regjeringa, annonserer han at ei ny grunnlov kjem i juli i år. 

Tre månadar seinare løyser han opp nasjonalforsamlinga, organet som vedtek lover. 

Det gjer at Kamel Labidi, pressefridomsforkjempar i Tunisia, fryktar for framtida. 


Kamel Labidi er tidligere journalist og har blant annet vært sjef for Amnesty Internasjonal i Tunisia. Foto: Privat.

– Me veit ingenting om den nye grunnlova. Det er ingen andre enn presidenten som bidrar, seier han. 

Etter revolusjonen i 2011 leia Labidi den sjølvstendige komiteen INRIC som la grunnlaget for nye medielovar og korleis medielandskapet skulle vera i eit demokratisk Tunisia. Han trur den nye  grunnlova til begrensa ytringsfridomen til vanlige borgarar òg. 

– Saied kontrollerer alle autoritære organ i Tunisia, seier Labidi.

Hemmeleg grunnlov

Presidenten har utnemnt ein komite til å laga den nye lova, som består av eit utval ekspertar han har utpeika sjølv. 

Ingen forrædarar eller antinasjonalistar deltar i komiteen, ifølge Saied, men han spesifiserer ikkje kva dette inneber.

– Den nye grunnlova blir laga i mørke rom. Ingen i Tunisia veit kva som skjer, seier Taoufik Yacoub.

Ein artikkel på Al Jazeera si nettsida har eit videoklipp av ein tale frå presidenten. 

– Ingen har lov til å seia noko mot presidenten. All offentleg media seier berre det Saied ønsker å offentleggjera, seier Yacoub.

Vanskelegere å kritisere enn før

Yacoub er overtydd om at private medieinstitusjonar blir nedlagt etter den nye grunnlova blir vedteke.

– Me bevegar oss tilbake i tid, fortvilar han.

 


Soumaya Berjeb underviser journalistar på IPSI i Tunisia. Foto: Privat

Men også her er Berjeb ueinig. Ho høyrer folk kritiserer presidenten på radio. 

– Dei kritiserer veremåten hans, korleis han kommuniserer med folk, i tillegg til å kritisera andre ministrar, seier ho.

Pressefriheten krympar

Det siste året har Tunisia falt 21 plassar på RSF si pressefridomsindeks. Les mer om det her.

– Presidenten er den einaste som er ansvarleg for dette, meiner Labidi. Han bekymrar seg over utviklinga, og fryktar at landet kjem til å falla lengre ned på lista.

– Me er så redde for at utfallet frå revolusjonen i 2011 vil forsvinna, seier han. 

Før revolusjonen låg Tunisia heilt nede på 134.-plass på pressefridomsindeksen.


Hamida El Bour og Kamel Labidi på den nordiske medieforskarkonferansen i Oslo i august 2013. Foto: Elsebeth Frey

Har trua på Saied

Berjeb meiner det ikkje kjem til å skje. Ho seier at sjølv om det kjem ein ny grunnlov, vil ikkje presidenten røra forskrift 115 og 116 frå noverande lov. Desse forskriftana skal forsikra ytringsfridom, pressefridom og fridomen til å skapa utan restriksjonar. 

Ho meiner presidenten ikkje vil truga menneskerettane i landet, og at han er for fridomen til pressa.

Den tunisiske journalistorganisasjonen SNJT skriv ei anna historie i sin årlege rapport: 

“Tross stadige påstander frå statsapparatet om betydninga av media og rettane til journalistar og fotografar, er lovnadane tomme slagord og politisk propaganda. Året frå 2021 til 2022 reknast som det vanskelegaste året for journalistar og fotografar dei siste fem åra.” 

Meiner presidenten må bli stoppa

Jihed Labaar er tunisiar og bur Noreg. Han er rådgjevar ved Kuben VGS i Oslo, og seier rett ut at det ikkje er pressefridom i Tunisia. Han stemte på president Saied i 2019, men har endra syn på ham sidan det. 

Labaar var sjølv redd for å kritisera styret i heimlandet, spesielt då faren hans var sjuk. 

– Eg ville ikkje skriva noko som kunne hindra meg frå å reisa tilbake og sei ha det til pappa, fortel han.