TOMT: Det var forholdsvis tomt i teltet på Youngstorget torsdag formiddag. Foto: Bendik Rise

Ingen fotballfest foreløpig

Fotballfesten i samband med eit verdsmeisterskap er ikkje den same som tidlegare. Det er det mange grunnar til.
Fredag, 25 november, 2022 - 11:19


BOIKOTTAR: Joakim Warholm ser ikkje på VM. Foto: Bendik Rise

Sjølv om fleire stader boikottar å vise fotball-VM frå Qatar, vert meisterskapen vist på dei fleste TV-skjermane ute i Oslo. Likevel let festen vente på seg. På Youngstorget viser dei alle kampane frå morgon til kveld, men talet på besøkande har foreløpig vore lågt.

– Eg prioriterer andre ting enn å sjå fotball-VM når omstenda er slik som dei er, seier Joakim Warholm. Han følger til vanleg med på både norsk og engelsk fotball.

Tomme bord

Gjennom heile veka har det vore få supporterar innom teltet, og dei fleste borda har stått tomme under kampane.

– Besøkstala har dessverre vore lågare enn venta, seier leiar i Fotballfesten Geir Oterhals.


BELGIA-CANADA: Onsdag kveld var det også mange tomme bord. Foto: Bendik Rise

Det er nok fleire grunnar til at besøkstala er låge. Leiaren seier at både boikott og årstida speler ei stor rolle. Likevel trur han fleire vil besøke teltet utover meisterskapen.

– Vi reknar med fulle hus når sluttspelet startar, seier han.


KAMPAR HEILE DAGEN: Dette var VM-programmet onsdag. Foto: Bendik Rise


STRAFFE: Folk fulgte godt med då Canada fekk straffe. Foto: Bendik Rise


FORNØGDE: Desse tre karane var til stades under kampen mellom Sveits og Kamerun onsdag. Foto: Bendik Rise

Amnesty representert

Både NRK og TV2 set fokus på alt som skjer rundt meisterskapen i sendingane sine. Også i teltet på Youngstorget får det plass. På alle borda har Amnesty festa lappar der dei besøkande kan gå inn på sidene deira gjennom ei QR-kode. Sjølv om Warholm ikkje ser på meisterskapen synes han det er viktig at det vert sett fokus på menneskerettigheitene.

– Dei som vel å sjå på kampane bør i alle fall forstå kva som skjer i Qatar og vere bevisste på det. Det synes eg er viktig, seier han.


QR-KODE: Amnesty har fått festa lappar på alle borda i teltet. Foto: Bendik Rise

 

Emneord: 
Tags: