Kundane raser etter at prisen for engelsk fotball har stige. Foto: Bendik Rise

Fotballsupporterar rømmer frå Viaplay

Etter at Viaplay auka prisen på engelsk fotball, brukar stadig fleire kundar ulovlege tenestar. Supporterleiarane er bekymra.
Fredag, 20 januar, 2023 - 10:17

Tidlegare denne månaden varsla Viaplay om at dei set opp prisane på Total-pakken sin. Det rammar i all hovudsak dei som ønsker å sjå fotball frå den engelske toppdivisjonen, Premier League, på norske kanalar. Prisen auka med hundre kroner i månaden, frå 649,- til 749,-. Det får supporterar til å avslutte abonnementa sine hjå streamingtenesten.

– Dette var dropen. Vi kan ikkje betale 9000 kroner i året for å sjå Premier League, seier Gustav, som ønsker å halde seg anonym.

Han ønsker verken å få namn eller bilete publisert. Det er han ikkje åleine om. Mange av dei vel nemlig ulovlege strøymetenestar for å sjå kampane Viaplay har einerett på å få vise i Norge. Brukarar på Twitter og i fleire supporterforum kan fortelje at dei har gjort det same.

– Akkurat no er det vårt einaste alternativ. Vi må stoppe denne prisauken før det er for seint. Dette er vår måte å ta eit standpunkt på, meiner han.

– Misliker det sterkt

Dei norske supporterleiarane til Manchester United og Liverpool liker ikkje utviklinga. Ansvarleg redaktør i Manchester United supporter club Scandinavia Dag Langerød er bekymra.


Manchester United-supporter Dag Langerød er bekymra for prisutviklinga på engelsk fotball. Foto: united.no

– Eg har eigentleg ganske stor respekt for at dei tek eigne avgjersler på pris for å komme i mål, men no har det gått for langt. Endringa kjem også etter at dei har slite litt med kundetilstrømminga. Det føles som dei mjølkar dei fotballinteresserte, seier Langerød og får støtte hjå Liverpool-tilhengarane.

– Supporterane er skuffa og toler ikkje meir. Nok er nok, seier dagleg leiar i Liverpool sin supporterklubb, Tore Hansen.

Føreslår amerikansk modell

Ingen av dei trur prisen kjem til å synke med det første, og slit med å finne gode nok løysingar. Langerød meiner likevel at ein kan sjå til NBA og korleis dei gjer det med sine kampar. Der har abonnentane fleire valmoglegheiter og kan til dømes velje å sjå berre eitt lag sine kampar, naturlegvis til ein lågare pris.

– På Viaplay ligg alt i ein pakke, der du får mykje anna sport som er uinteressant for mange. Det at eg vert tvinga til å betale for det, er uhøyrt. Eg vert provosert, avsluttar Langerød.