VISER VM: Magneten pub på Torshov har bestemt seg for å sende fotballkampane frå Qatar.

Qatar-debatten held fram - fleire pubar skal vise VM

Om to veker startar fotball-VM i Qatar. Både folk og pubar er delte i meiningane om visninga av meisterskapen.
Fredag, 4 november, 2022 - 12:15

Det har sjeldan vore større debatt rundt eit fotball-VM enn i 2022. Etter at Qatar fekk tildelt meisterskapen i 2010 hagla reaksjonane. Grove brot på menneskerettigheiter og dårlege arbeidsvilkår for arbeidarane er nokre av grunnane. No er folk er splitta i om dei skal sjå VM eller ikkje, og nokre pubar i Oslo nektar å vise meisterskapen på sine skjermar. Likevel skal fleirtalet av pubane sende kampane. Vi har prata med Magneten pub, som er ein av dei.

Emneord: 
Tags: