Kommentar

Lenge til neste sydenferie

Det var eit par år sidan sist eg hadde vore på noko anna enn by-feriar i Europa. No kan det godt bli endå lenger til neste gong.
Mandag, 13 mai, 2019 - 13:45

I ein generasjon som bryr seg meir og meir om klima, byrjar det å bli ein smule hyklersk å skulle «ut og finne seg sjølv», eller «oppdage verda» i 20-åra, sjølv om eg fortsatt meiner at mange har særs godt av å komme seg ut av Noreg ein gong i blant. Men det å fly over 800 mil for å komme seg til ei strand, det er vel strengt tatt ikkje nødvendig.

Kjensla av at dette ikkje heilt stemmer overeins med den klimavennlege personen eg ønsker å vere, startar allereie på flyplassen. På veg til gate F12 på Gardermoen ser ein dei svære flya som står på rekkje og rad utanfor. Eit sånt svært fly skal eg inn på. Eit fly med elleve seter i breidda og tilsynelatande uendeleg med rader bakover. Eit stort fly, mange mil i lufta, og til og med ei mellomlanding. Med andre ord mange tonn CO2 rett ut i den klare lufta me flyg i, så mykje som 1000 kg CO2-ekvivalenter.

Thailand er blitt Norges langdistanse-Syden, og er etter kvart ein feriedestinasjon mange har eit forhold til. Landet var, etter USA, nordmenns nest mest besøkte feriedestinasjon utanfor Europa i 2018, med 142 000 feriereiser.

Mange tonn CO2 rett ut i den klare lufta me flyg i, så mykje som 1000 kg CO2-ekvivalenter.

Og vel framme i Thailand er det jo veldig fint. Det er grønt og frodig rundt oss. På ferie-øya Phuket er det mange strender, billige drinkar og Phad Thai over alt. Bassenget på taket blir dokumentert på Instagram, og folk sender meldingar med hjarter og misunning. Det blir bading, strender, bikini og smoothies. Me flyter rundt i bassenget på taket, men legg etter kvart merke til dei tydelege spora av solkrem i vassoverflata. Det er nok ikkje alle som brukar den dusjen ved sidan av bassenget kvar gong dei skal uti.

Me reiser til stranda, og det er særs behageleg å kjøle seg ned i vatnet. Men eg gjer det eg kan for å unngå å svelgje vatn, for det er ikkje krystallklart over den lyse sanden, men grumsete. Og eg såg vel eigentleg noko som må vere søppel flyte litt lenger bortover på stranda. Det overraskar meg litt, men eg blir altså ikkje møtt av den idylliske badeopplevinga eg såg føre meg på flyet.

For ein billig penge får ein plass på eit par strandsenger, og kjem seg litt unna både sol og sand, under ein svær parasoll. Her får me orkesterplass til scena som utspeler seg framfor oss. Brune kroppar med solhattar og sjal over brente skuldrer. Eldre par som kjøper mojitos frå ein av dei mange servitørane som går rundt med svære, laminerte menyar.

Frå solsenga blir eg vitne til det ein kan kalle livsnytarar. Folk som har jobba lenge og endeleg har fått seg ein ferietur. Folk som vil drikke paraplydrinkar og nyte å kjenne sola på kroppen. Frå solsenga ser eg også dei som ryddar. Dei kostar sand av solsengene for nøgde kundar, og slår opp parasollar. Dei plukkar med seg søppel etter drinkar servert i plastkoppar, ølboksar eller ei kokosnøtt med sugerør i. Aller viktigast er områda rundt solsengene, så den plastkoppen som ligg nærare vasskanten får bli liggjande heilt til ei bølgje kjem og skyl den vekk.

Det er mykje å sjå på frå øvst på stranda, men etter å ha vore tilskodar til denne scena i ein god halvtime, byrjar eg rett og slett å keie meg. Og eg undrar meg litt over dei som tilbringar timevis i desse stolane. Dag etter dag. Men kvar sin lyst. For her ser ein jo dei som er livsnytarar. Og på Instagram kjem det ut eit nytt bilete med ein palme over ein klar, blå himmel, eller ein solnedgang.

Eg undrar meg litt over dei som tilbringar timevis i desse stolane. Dag etter dag.

Medan eg er i varmare strøk får eg fleire meldingar med bodskap om misunning. I februar skulle mange nordmenn ønske at dei var ein stad der det er over 30 varmegrader. Men treng me eigentleg å reise så langt som Thailand? Ei kortare reise sørover kan gje det påfyllet av vitamin-D ein treng. Eller berre hold ut til ein nydeleg sumar på Øst- eller Sørlandet nokre månader seinare. Ein må ikkje fly 800 mil for å finne ei strand.

Å like å reise er blitt ein etablert hobby. Om det er i bioen på Tinder eller Instagram, eller i møte med nye menneske. Det er populært og anerkjent å reise. Men må ein reise så langt? Og må ein alltid fly? Eg hugsar godt då eg var 17 og drøymde om ein sumar på tog. Eg var ikkje den einaste som ikkje fekk oppfylt den draumen. Kanskje kan ein håpe at fleire av dei nye, reiselystne ungdommane vel den reisemåten i framtida.

Eigentleg gruar eg meg litt til å fly heim igjen til Noreg. Ikkje fordi eg gruar meg til å fly. Og ikkje fordi eg gruar meg til å komme heim. Eigentleg ser eg fram til å gå med jeans og skjerf, og la solkremen ligge til eg sit i hytteveggen i påskesola. Men eg gruar meg til å kjenne på det dårlege samvitet med dei nye 11000 kg CO2-ekvivalentane eg står ansvarleg for. Og eg gruar meg litt til å fortelje om kor fint det var i bassenget på taket, samstundes som eg kjenner på klumpen i magen som seier at dette ikkje er heilt greitt.

Så det blir nok lenge til neste sydenferie. Og forhåpentlegvis klarar eg også å kutte litt ned på dei andre flyturane til ulike byar i Europa. Eg skal berre fly heim på påskeferie først. Dei 85 kg CO2-ekvivalentane mellom Oslo og Bergen er jo tross alt ingenting i forhold.