Den libanesiske hæren, Beirut, 1982 Foto: James Case from Philadelphia, Mississippi, U.S.A., CC BY 2.0
Historie:

Framleis prega av borgarkrigen

29 år etter krigen vart avslutta, lev libanesarane framleis med dei økonomiske og sosiale konsekvensane.
Tirsdag, 28 mai, 2019 - 15:05

Libanon er framleis prega av etterverknadene av borgarkrigen. Landet har gjennomgått store politiske og sosiale reformar, som har ført til eit usikkert demokrati og eit problematisk forhold til nabolanda. 

Libanon

  • Statsform: Republikk
  • President: Michel Aoun
  • Statsminister: Saad Hariri
  • Hovudstad: Beirut
  • Areal: 10 230 km²
  • Innbyggjartal: 6 229 794 (est. 2017)
  • Valuta: Pund à 100 piaster (LBP)

Kjelde: Store norske leksikon

Overfallet på ein buss med palestinarar i Aust-Beirut den 13. april 1975, reknast som den utløysande årsaka til krigen. Attentatet skal ha vore hevn for eit angrep på livvaktane til Pierre Gemayel, som var leiaren for det kristne partiet Kataeb. Dagen etter bussangrepet braut det ut fleire kampar i hovudstaden. 

Det oppstod kampar også i Saida, der hæren hadde skote mot folk som demonstrerte for å få betre økonomiske og sosiale rettigheitar til lokale fiskarar.

Delte hovudstaden

Konflikta vart ytterlegare tilspissa då det kom til opptøyer i fleire byar. Regjeringsstyrkenes deltaking skjerpa motsetjingane. Libanon var på veg ut i full krig. 

Krigen spreia seg til alle dei store byane i løpet av sommaren same året, men var mest intens i hovudstaden. Før sommaren var omme, var to av Beiruts sentrale forretningsdistrikt i ruinar. Resten av byen vart delt mellom eit kristent Aust-Beirut og eit muslimsk Vest-Beirut.


Israelske troppar køyrer inn. Foto: P.mielen/Wikipedia

Flykta til Frankrike

Då Amin Gemayel, som var president frå 1982, gjekk av i 1988, hadde ikkje landet lukkast med å avhalde val. Gemayel valde då å utpeike general Michel Aoun som leiar av ei militær overgangsregjering beståande av tre muslimske og tre kristne representantar. Denne avggjersla skulle vera eit stabiliserande tiltak, men det endte i staden med ytterlegare polarisering. Aouns tilhengarar meinte at å samle militæret og staten ville styrkje nasjonalidentiteten, medan motstandarar meinte at å ha ein kristen president som Aoun var eit brot på nasjonalpakta.

Libanon enda då opp med to rivaliserande regjeringar, høvesvis i Aust- og Vest-Beirut.

Aoun sat som president fram til vinteren 1990. Då venda hans tidlegare allierte seg mot han. Oktober same året lei Aouns styrker nederlag, og presidenten flykta til Frankrike. Dette markerte slutten på borgarkrigen. Aoun levde i eksil i Frankrike fram til 2005.

Halvert BNP

29 år etter krigen vart avslutta, lev libanesarane framleis med dei økonomiske og sosiale konsekvensane. Det kom i stand ein avtale i 1990 som gjer det lettare for utanlandske aktørar å blande seg inn i den libanesiske innan- og utanrikspolitikken. 

Etter krigen var Libanons bruttonasjonalprodukt (BNP) halvert. Dermed måtte gjenoppbyggjinga av landet finansierast gjennom lån frå libanesiske bankar. Landet enda difor opp med ein estimert gjeldsgrad på 150 prosent av BNP, den nest høgaste i verda. 

Fredsmeklinga internt i Libanon vart formelt avslutta i 1990, men politiske attentat, interne konflikter og gjentakande krigføring mot Israel truga freda. 

Stort religiøst mangfald

Libanon er eitt av få land i verda med eit konsosiert demokrati. Det vil seie at kvar etnisitet og religion har sine eigne parti, og makta blir fordelt basert på befolkingsstorleik med tilhørigheit i dei ulike gruppene. Landet har Midtaustens største religiøse mangfald med høvesvis 57,7 prosent muslimar (sunni 28,7 prosent, shia 28,4 prosent, 0,6 prosent alawitter og mindre muslimske sekter), kristne 36,2 prosent, drusarar 5,2 prosent, og resten mindre grupper av jødar, hinduar, buddhistar, baha’i og mormonarar.

Som resultat av mellom anna det religiøse mangfaldet og den påfølgjande politiske polariseringa, er religion og religiøs tilhørigheit blitt eit sensitivt tema i Libanon. Dette vert forsterkja av den store mengda innvandrarar og flyktningar frå Palestina. Migrasjonen byrja i hovudsak etter oppreittinga av Israel i 1948. 

  Libanesiske statsborgarar Flyktningar og andre
Folketal 4 680 212 1 419 863