– Vest-Sahara har ein sak verdt å kjempe for
Nord-Afrika sitt svar på Nelson Mandela er i Noreg for å fortelje historia si.
Sidi Mohammed Daddach er den menneskerettsaktivisten som har sete lengst i marokkanske fengsler. Etter lauslatinga i 2001, har Daddach fortsett sin kamp for frigjering av okkuperte Vest-Sahara. Fredag den 25. november var han i Oslo for å fortelje historia si.
– Eg har alltid trudd at Vest-Sahara har ein rettferdig sak. Til trass for fengsling og liding, har dette motivert meg til å jobbe vidare for frigjering av landet, seier Daddach til TV Journalen.
Høg temperatur på panelsamtalen
Mesh sine lokaler husa folk til å delta på panelsamtalen med Daddach og Une Solheim, leiar i Changemaker Oslo Student. Leiar i støttekomiteen for Vest Sahara, Erik Hagen, haldt føredrag om situasjonen før panelsamtalen starta. Både Daddach, Solheim og Hagen skapte stor engasjement blant deltakarane.
– Reaksjonane under møtet viser at dette er ein konflikt med mykje kjensler involvert, seier Une Solheim.
Vegen vidare
Daddach vil fortsette med å bruke fredelege midlar og leggje større press på Marokko for å få lauslata fleire politiske fangar. Ein dag ynskjer han å stå foran sitt eiga parliament i heimlandet, Vest-Sahara.