No skal dei kommunale boligane fordelast betre

Sagene er den bydelen i Oslo med flest kommunale bustader. No vil ein fordele bustadene meir.

For å få kommunal bolig, må du

  • Ha lovleg opphaldstillatelse i Norge

  • Ha budd i Oslo i to år (unntak for flyktninger som skal førstegangsbosettes i Oslo etter avtale mellom staten og Oslo kommune)

  • Ha fylt 18 år (unntak for Ungbo)

  • Være uten bolig no eller at noværande leieforhald går ut innan 6 måneder uten moglegheitfor fornying

  • Ikke ha mer enn 1G (folketrygdens grunnbeløp) i formue, eller inntekt over 4G for ensleg og 5G for par.

  • Ikkje vere i stand til å skaffe deg bustad på anna måte, eller trenge en tilpassa bustad

Kjelde: Oslo Kommune

I fjor opererte Boligbygg med kjøp av bustader vest i byen. 103 av 252 kjøp blei gjort i Frogner bydel, ifølgje Dagens Næringsliv. Dette blei gjort som verknad av politikk vedteke i 2014, om at ein skal unngå opphoping av kommunale bustader aust i byen, skriv Hegnar.

Likevel er Sagene bydel forsatt den bydelen med flest kommunale bustader. I 2016 var det over 2300 bustader til disposisjon, inkludert omsorgsbygg. No blir nokre av dei selt. 

 – Vi har selt rundt 50 bustader i bydelene Gamle Oslo, Sagene og Grünerløkka i år, så vi har tilført noko til markedet også, seier Magnus Thun, bustadskjøpar i Boligbygg. 

Oslo kommune har sett av 800 millionar til bustader for vanskelegstilte i 2017. 

Stikkord