Knallstart for brødrene Bø
Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø viste styrke under sesongåpninga i skiskyting på Sjusøen i helga. Johannes tok sigeren laurdag, mens Tarjei var sterkast søndag.
Med feilfri skyting og god fart i sporet var Johannes 23,6 sekund føre andremann, Lars Helge Birkeland. Storebror Tarjei hadde ikkje fullklaff på sprinten. Han hadde tre bom og kom i mål på 14.plass, nesten to minutt bak Johannes. Dermed leda Johannes søskenduellen denne sesongen. Den ledelsen skulle vise seg å bli kortvarig.
Søndag var det duka for fellesstart på Sjusjøen. Etter fire svært jamne runder kom Johannes og Tarjei likt inn til siste skyting. Der hadde storebror mest is i magen og skaut fullt hus, mens Johannes måtte ut i to strafferunder. Ingen kunne tukte Tarjei på den siste runda, og dermed vann Tarjei fellesstarten med fire fulle hus.
– Eg var sint etter løpet i går, så eg hadde bestemt meg for å skyte fort og gje litt f i dag. Det funka bra. Eg har feila mot Johannes på siste ståande skyting kvar gong dei siste åra, men i dag var eg offensiv og registrerte ikkje Johannes, sa ein tydleg fornøgd Tarjei til NRK etter løpet.
Johannes sa til Journalen tidlegare i haust at han trudde det vart ein duell mellom han og Tarjei i år. Det fekk han rett i.
– Denne duellen har alle venta på. Det var ein vel fortent siger til Tarjei i dag, sa Johannes til NRK.
No gjenstår det å sjå kven som tar neste stikk i brødreduellen.