Må utsetje NM i kunstløp

Oslo Skøiteklub får ikkje arrangere NM/LM i kunstløp som planlagt denne helga.

Folk spelar ishockey framfor ny ishall. Dyrvik Arkitekter
Slik skal Sonja Henie ishall på Frogner sjå ut. Illustrasjon: Dyrvik Arkitekter
Elias Christensen, leiar i Oslo Skøiteklubb, framfor nye Sonja Henie ishall. Foto: Tuva Bull Hjeltnes

Elias Christensen, leiar i Oslo Skøiteklub. Foto: Tuva Bull Hjeltnes

Journalen skreiv i haust om opninga av Sonja Henie ishall på Frogner. Hallen vart offisielt opna i byrjinga av januar i år, og Oslo Skøiteklub skulle starte det nye året med å arrangere NM helga 15.-17.januar. 

På grunn av koronarestriksjonane må klubben no utsetje arrangementet. 

– NM er utsatt til mars, og det gjenstår vel å sjå om det blir noko av då også, seier leiar i Oslo Skøiteklub Elias Christensen i ein SMS til Journalen.

Christensen trur at arrangementet vert avlyst dersom det ikkje går å gjennomføre i mars heller. 

Norges Skøyteforbund bekrefter på sine heimesider at ny dato for NM/LM i Sonja Henie-hallen er satt til 19.-21.mars, og at dei jobbar med å finne ut korleis utøvarane skal kvalifisere seg til NM, slik at alle klassar skal få ein rettferdig moglegheit til å kvalifisere seg til meisterskapet.