Johannes Thingnes Bø håva inn over 650.000 kroner
Johannes Thingnes Bø var den utøvaren som tente mest premiepengar under VM i skiskyting.
Med fire gullmedaljar og ein sølvmedalje, toppa Johannes Thingnes Bø medaljestatistikken under VM i skiskyting i Østersund.
Tal frå Focusbiathlon viser at han tente 69.000 euro i premiepengar for desse resultata. Dette tilsvarar i overkant av 650.000 norske kroner.
I tillegg til premiepengane frå arrangøren, har stryningen bonusavtalar med sine private sponsorar, samt med Norges skiskyttarforbund. Derfor er totale inntekta til Bø i forbindelse med verdsmeisterskapet høgare enn 69.000 euro.