Viking-fansen startar kronerulling for å hente spelar
Veton Berisha er ettertrakta hos norske fotballklubbar. No har Viking-fansen starta ein innsamlingsaksjon for å få Berisha tilbake til Stavanger-klubben.
Viking fotballklubb må erkjenne at dei ikkje er i økonomisk stand til å bruke 6-7 millionar kroner på å hente Veton Berisha, skriv Stavanger Aftenblad.
Fansen har derfor starta ein innsamlingsaksjon for å kunne kjøpe Berisha til Viking. Målet er å samle inn 7 millionar kroner.