Tidlegare pårørande og brukarar av Team Alvorlig Syke, har ilag med andre, sendt eit ope brev til bydel Østensjø. Foto: Mathilde Bjerk

– Opprivande og fullstendig uforståeleg

Team Alvorlig Syke er eit spesialteam under heimetenesta i Østensjø. Etter det blei kjend at teamet vil bli broten opp, har fleire gått ilag, i håp om å snu om skuta.
Onsdag, 29 november, 2023 - 15:52

Team Alvorlig Syke(TAS) driv med pleie av alvorleg sjuke og legg til rette for heimedød. I oktober blei forslaget om omorganiseringa av teamet vedteke

Fredag 1. desember blei det sendt ei utgreiing til alle bydelspolitikarane i bydel Østensjø. Brevet var frå både tidlegare og nåverande pårørande og brukarar av TAS, brukarar av dei geografiske teama i bydelen, brukarar av kreftkoordinatorar i bydelen og ein lokalpolitikar. I brevet følgde det også med ei rekkje vedlegg.

Sakshistorikken 

  • TAS blei oppretta i 2018
  • Frå 1. januar går TAS over til å bli ein del av dei geografiske teama i heimetenetsa i Østensjø bydel
  • 26. september blei dei tilsette i TAS orientert om endringane som skulle skje
  • 9. oktober blei forslaget om omorganiseringa vedteke internt
  • 16. oktober var TAS på bydelsutvalmøtet for å kome med sine synspunkter i saka

– Hårreisande lesing

Brevet inneheld informasjon om gangen til saka, og argument for at bydelen skal revurdere heile omorganiseringa av TAS. Reaksjonane er sterke frå avsendarane si side, etter lesing av eit utkast frå bydel Østensjø sitt «Strategi og omstillingsprogram 2024-2027», der det på forsida står skriven:

«Bydel Østensjø, ein god stad å bu heile livet».

Vidare står det:

«Vi står ved eit vegskilje. Vi har i dag tenester og tiltak utover det som er vanleg å levere for en bydel. Dette kan vi ikkje fortsetje med. Vi har ikkje nok pengar til det. Vi må akseptera at vi framover skal levere godt nok, men ikkje meir. Bydel Østensjø skal vera ein god stad å bu heile livet – og «god» treng ikkje vera det beste.»

Avsendarane skriv at det er hårreisande lesing, og at det ikkje er slik dei ønskjer at heimetenesta og tilbodet i framtida skal være for bydelens innbyggarar.

Endringane som kjem på nyåret

– Vil det bli føretatt ei analyse, i ettertid av omorganiseringa, for å sjå om den tenesta som blir gitt er samsvarande til den som blir gitt av TAS i dag?

Birgitta Lim Ersland, kommunikasjonsansvarleg i bydel Østensjø svarar i ein e-post at omorganiseringa av tenesta til alvorleg sjuke kun er ein av mange endringsprosessar i deira teneste. Den vil på lik linje med dei andre endringane bli følgt opp og evaluert. Når bydelen gjer endringar i heimetenesta, er det ikkje som mål at alle tenestene skal være tilsvarande det dei er i dag. Målet er at me fordelar dei ressursane me har på alle som treng det, uavhengig av diagnose.

– Om dykk ser at tenesta som blir gitt gjennom heimesjukepleia, etter 1. januar, ikkje samsvarar med den TAS gir i dag, vil dykk vurdere det å opprette eit spesialteam på nytt?

– Korleis omorganiseringa  kjem til å sjå ut hos oss i framtida veit me ikkje. Det me veit, er at me blir nøydd til å heile tida ha behovet til innbyggaren i fokus, og være villige til å justera korleis me riggar våre tenester til ei kvar tid for å bruke ressursane våre best mogleg for flest mogleg. Heimetenesta ser heilt annleis ut i dag enn for 5 år sidan, og korleis me jobbar om 5 år fram i tid vil sjå annleis ut enn i dag, skriv Ersland.

Viktig med godt samarbeid

– Vil bydelen være i kontakt med pårørande som brukar tenesta for alvorleg sjuke, etter omorganiseringa, for å få tilbakemeldingar på dei nye endringane?

– Me har årlege dialogmøter med pårørande, og jobbar godt med implementering av Oslostandard for pårørandesamarbeid. I tillegg svarar brukarar og pårørande på ulike spørjeundersøkingar, forklarar Ersland.

Ho legg også til at bydelen syns det er viktig med eit godt samarbeid, og dialog med pårørande til brukarane, uavhengig av kva for nokre team som gir heimetenestene.

Krevjar ei utgreiing

Avsendarane avsluttar brevet med dette: «Me krevjar på vegne av brukargruppa alvorleg sjuke og deira pårørande ei utgreiing for dei økonomiske og samfunnsmessige gevinstane nedlegginga og endringa av Team Alvorlig Syke medfører, og kor kompetansehevinga planleggast konkret i dei geografiske teama innan heimetenesta i bydelen.»

Dei syns det er «opprivande og fullstendig uforståeleg at bydelsadministrasjonen på kun ein dag veljar å rasere ei teneste som har blitt bygga opp gjennom fem år».