Reklameplakatene var oppe i god tid før salet. Foto: Hanne Mjelstad

Shoppar ikkje på Black Friday

På Oslo City er det mange kundar som vil holde seg unna butikkane på den store salsdagen.
Onsdag, 23 november, 2016 - 13:43

Fredag 25. november er det tid for årets største salsdag. Konseptet rundt Black Friday kjem frå USA, der salet alltid fell på dagen etter Thanksgiving.


Wenche Knutsen vil unngå Black Friday. Foto: Hanne Mjelstad

Wenche Knutsen (51) er ein av dei som bevisst ikkje skal shoppe på Black Friday. Ho meiner at butikkane lurer kunder, og at folk kjøper ting dei ikkje treng. Det bidrar til forbrukssamfunnet.

– For meg er det ein statement at eg ikkje shoppar på Black Friday, fortel Knutsen.

Knutsen fortel vidare at ho ikkje har sansen for dei amerikanske tradisjonane, då dei blir alt for kommersielle. Det er ho ikkje åleine om å meine. Ida Mary Cowell (35) har sterke meiningar rundt forbrukersamfunnet.

Om Black Friday

Konseptet kom først til Norge i 2009, då omgrepet vart brukt hjå Norwegian Outlet.

Salet kjem alltid på dagen etter den amerikanske høgtidsdagen Thanksgiving.

Thanksgiving fell alltid på den fjerde torsdagen i november.

Black Friday kjem kvart år på ein fredag mellom 23. og 29. november.

Black Friday er i USA tradisjonelt sett byrjinga på julehandelen.

Kjelde: Wikipedia.org

 

– Det er eit stress og eit jag etter noko som aldri gjer oss lykkelige, seier Cowell.

Amerikanske trender


Ida Mary Cowell blir ikkje å finne i butikkane på fredag. Foto: Hanne Mjelstad

Cowell er sterkt i mot både denne tradisjonen, og andre amerikanske tradisjonar som blir tatt inn i den norske kulturen.

– Det der er kapitalistisk drit som kjem frå USA, meiner Cowell.

Les meir om kor mykje kundane brukar på salet her.

Cowell snakkar om korleis me heile tida skal prøve å finne lykke, og at me aldri blir nøgd. Uansett kva me kjøper og kva mål me når, finn me alltid noko nytt å strekkje oss etter.

– Totalt kaos


Tony Karlsen meiner Black friday er eit påskudd for å shoppe. Foto: Hanne Mjelstad

Tony Karlsen (26) skal også holde seg unna butikkane på fredag. Han har ikkje ei stor interesse for shopping i utgansgpunktet, og meiner at på salsdagen blir det totalt kaos i butikkane.

– Dette er jo berre eit lokketilbud, med tanke på jula, seier han.

Han tenkjer at det kan vere smart for dei som planlegger å legge julehandelen fredagen, men trur ikkje dei sparer så mykje pengar.

– Om dei hadde kjøpt gåver for tre månader sidan, hadde dei sikkert spart endå meir, seier Karlsen.

Andre planlegg likevel ein shoppingtur på den travle dagen. Agnete Loennechen (40), skal ut og kjøpe julegåver.

– Det blir sjølvsagt litt stress med mykje folk, men eg tar handelen litt tidleg for å unngå dei værste folkemengdene, seier Loennechen.

Påverka av sosiale media

Sara Ullhasen (16) har planlagt ein shoppingtur på fredag, saman med vener.


Sara Ullhasen har sett mykje reklame for Black Friday. Foto: Hanne Mjelstad

– Det er mykje reklame på sosiale media, blant anna deler vener arrangement om Black Friday på facebook, fortel Ullhasen.

Ho har ikkje planlagt noko konkret ho skal kjøpe, og kan ende opp med å kjøpe noko ho ikkje nødvendigvis treng.

– Om eg finn noko eg syns er veldig fint, så kjøper eg det nok.