Før lagde Franci store frukostar for gjestane sine. No får ho knapt mat sjølv.

Da koronapandemien kom til Cuba var det ikkje viruset som tok knekken på folk. Over natta forsvann turistane. No er landet i si djupaste økonomiske krise på fleire tiår.

Klokka er fem om morgonen. Utanfor matbutikken i Havanna står det mange menneske som ventar på å få komme inn og kjøpe mat. Det er vanskeleg no, under koronakrisa. Ei som står i køen er Francoice de la Caridad Péres Díaz, eller Franci, som dei som kjenner henne kallar ho. Ho har belaga seg på å stå der lenge, kanskje heilt til klokka tre på ettermiddagen.  

Franci jobbar i eit utleigehus, eit såkalla Casa. Ho kallar det Casa Nini, etter eigaren av huset. Til vanleg er det eit yrande turistliv her. Men no er det ingen turistar som kjem til Casa Nini meir. Sidan pandemien braut ut har det kanskje vore fem prosent så mange turistar som det pleier å vere. Før hadde dei alltid fullt hus, no vel dei få turistane som besøker Cuba å bu på hotell, fortel Franci til oss på telefon.


Franci ein morgon på jobb Foto: Privat

– Eg vil ikkje kalle dei turistar. Det er cubanarar som får besøk frå utlandet, det er dei einaste turistane som kjem no. 

Casa Nini stengde 11. mars 2020. Dei 4,75 millionar turistane som vanlegvis kjem til Cuba, er borte. Det same er inntektene på 2,5 milliardar dollar i 2018.

Må ete brødet og drikke kaffien aleine 

Det Franci liker aller best med jobben er frukosten. Ein vanleg frukost på Cuba består ofte av brød, kaffi og eit egg, og kanskje noko i tillegg. I Casa Nini har dei også skinke, ost, heimelaga jus, og så er dei opptatte av å ha mykje frukt og grønnsakar. Franci seier dei lagar han slik at gjestane skal sleppe å ete så mykje ute. 

– Frukosten i Casa Nini er ein superfrukost, seier Franci. 

Franci har likt å lage mat sidan ho var ni år gammal. Men no er det ingen å lage frukost til. Franci og familien må ete brødet og drikke kaffien sin aleine. Ho saknar å prate med gjestar.

– No har det gått ti månader utan at vi har hatt noko å gjere.  

Kva gjer de i desse dagar, når turistane uteblir? 

– Eg gjer det eg kan. Eg vaskar og passar huset. Det er ei vanskeleg tid no. Det er vanskeleg for alle som driv med turisme.  


Frukostbordet ser slik ut når det ikkje er pandemi. Foto: Nina Norton

 

Lege som salsalærar

Koronapandemien på Cuba

  • Totalt smitta: 45 000
  • Dødsfall: 300
  • Første bølge frå april til mai 2020, med ca 80 dødsfall.
  • Kraftig auke sidan desember 2020
  • Folketal: 11,3 millionar (2019, Verdensbanken)

Kjelde: Worldometers

– Det er ikkje vanskeleg. Det er umogleg. Umogleg! Korleis skal eg få tak i dollar? 

Nelson Alcantara er salsalærar i Havanna. Eigentleg er han utdanna lege, men måtte ta ein bijobb som danselærar for å få økonomien til å gå rundt. Ganske raskt innsåg han at jobben som lege tok mykje tid og gav lite lønn.

– Nesten ingen statleg tilsette overlever utelukkande på lønna frå staten, seier Cuba-kjenner Vegard Bye. 

Dei siste 13 åra har Nelson drive sin eigen danseskule. No må han kjøpe såpe, tannkrem og ost på svartebørsen. Danseskulen står i kvil. Legen og dansaren bruker no tida si på å selje PC-delar. 

Utan familie i utlandet får ikkje Nelson tak i amerikanske dollar. Med sine cubanske pesos får han kjøpt enkle basisvarer. Importvarer blir seld berre i såkalla dollarstores. Dermed må han kjøpe såpa si på svartebørsen, ofte til dobbel eller tredobbel pris. 

Dobbel backup 

Internett er heller ikke enkelt tilgjengeleg på Cuba. Wifi i eigen heim er ikkje vanleg, og cubanarar må betale dyrt for mobildata.

Midt under samtalen med Nelson blir kontakten broten, og han svarer ikkje når vi ringer tilbake. Men nokre minutt seinare kjem ei melding. Han har gått tom for mobildata og må fylle på kreditt.

Like etter ringer han opp igjen med nyladd internett og beklagar seg. Under pandemien har likevel internettsamtalar vore einaste måte å ha kontakt med familie og venar på. Det er dyrt i lengda.

– Eg saknar livet mitt sånn det var. No er vi alle saman på plan B, seier Nelson oppsummerande. Det gjeld i stor grad Cuba sin økonomi óg. 

Amerikansk dollar har vore landet sin plan B heilt sidan Sovjetunionen fall. Da hamna Cuba i den verste økonomiske krisa dei har hatt, etter at dei mista ein svært viktig økonomisk stønad. Dei siste tiåra har landet gått rundt med hjelp av utanlandsk valuta frå turistar. 

To valutaar skal bli til éin 

Cuba har to ulike valutaar, CUP og CUC. På 90-talet begynte cubanarane å bruke amerikanske dollar i frykt for at deira eigen peso skulle miste verdien sin. For at landet sjølv skulle få kontroll vart derfor den konvertible pesoen (CUC) introdusert i 1994. Den nye valutaen var verd det same som ein dollar. Ti år etter at CUC vart innført, i 2004, vart den amerikanske dollaren forbode. 

Siden da har CUC vore vanskeleg å få tak i for folk flest. Éin CUC var verdt 25 CUP, men vanlege folk kunne ikkje berre veksle sine vanlege CUP inn i CUC. Det var stort sett berre handel med utlandet, altså import av varer, som brukte CUC. Men det inkluderte også turisme og varer turistar gjerne kjøper. For staten har det vore enklare. Dei har hatt sin eigen vekslingskurs, og handla CUP og CUC ein til ein.

Tiltaka opna den cubanske økonomien. Cuba vart meir tilpassa turisme, og kom seg gjennom krisa etter at Sovjetunionen fall.

No skal Cuba gå over til å berre nytte CUP. Det har vore planen i mange år, ettersom økonomien har gått betre. Det gjorde den i alle fall fram til for nokre år sidan. No er Cuba igjen i ei økonomisk krise, likevel vel dei å avvikle systemet no.

Prosessen med å gå over til éin valuta starta i januar 2021, og målet er at CUC ganske raskt skal forsvinne. Allereide har meir enn halvparten av dei totalt 700 millionane CUC gått ut av sirkulasjon, ifølge Oncubanews 11. februar.  


Transportnæringa er den største av bransjane kor private får drive på lisens frå staten. Foto: Nina Norton

Tidlegare kunne dei som driv i turistbransjen ta betalt med CUC og få 25 gongar verdien av CUP. No blir dei nøydd til å auke prisane for å få same verdi som tidlegare.

Når dei no går over til å berre bruke CUP aukar Cuba lønningane til statlege tilsette kraftig for å stabilisere økonomien. Samtidig aukar prisane på varer tre til ti gonger, og økonomar ventar ein tresifra inflasjon. 

Økonomiprofessoren Juan Triana berekna i 2018 at så mykje som 2 millionar arbeidsplassar kan forsvinne som ein konsekvens av valutaendringa. Det utgjer 40 prosent av alle arbeidsplassane på øya. Spesielt rammar dette statlege bedriftar som går dårleg økonomisk frå før. Og når vekslingskursen blir endra må statlege bedrifter no betale 24 CUP for éin dollar, medan dei tidlegare kunne fått 24 dollar for 24 CUC.


Kjell Ove Hatlem har følgd med på Cuba i 15 år. Foto: Privat

Cuba kan bli eit av dei dyraste landa i verda

– Når ein no fjernar den eine valutaen skjønner ein gjerne at det ikkje var ein god idé i første omgang. Dette blir ein smertefull prosess, trur Kjell Ove Hatlem. Han har blant anna samarbeidd med kyrkjer på Cuba og med skipsreiarar som ville opprette båtruter der, og har følgt med på Cuba i rundt 15 år. 

Hatlem seier at om for eksempel danselærarar som Nelson skal kunne kjøpe like mykje varer som før for det han tener på turistane, så må han femdoble prisane for danseundervisninga si i lokal valuta. Det vil neppe turistane akseptere om det ikkje skjer ei betydeleg devaluering, altså at valutaen blir sett ned i verdi i forhold til andre land sin valuta.

– Viss prisane aukar fem gongar, og lønningane aukar fem gongar, så har det ikkje så mykje å seie for statstilsette cubanarar og pensjonistar som får del i det. Det vil vere vanskeleg for mange i privat sektor som ikkje får slik lønnsauke eller ikkje kan femdoble prisane for varer og tenester dei sel til lokalbefolkning eller turistar.

– For turistar som kjem frå utlandet og må betale fem gongar så mykje for varer og tenester, så er det urimeleg dyrt. Det må skje ei devaluering, elles blir Cuba eit av dei dyraste landa i verda, seier Hatlem.

Valutaendringane kan få store konsekvensar 

Cuba møter fire alvorlege hindringar som følgje av valutaendringane, ifølge den cubanske økonomen Carmelo Mesa-Lago. Den første hindringa er at dei utset ein del andre økonomiske endringar i eitt år. For eksempel skal dei vidareføre subsidiar for selskap med tap, og dei utset å sette eit pristak for ein del utsalgsstader, noko som vil hindre marknaden i å sende riktige signal til produsentar, skriv Mesa-Lago i analysen sin.

Den andre hindringa er politisk. Politikarane har utsett samanslåinga av valutaane, og Mesa-Lago meiner det kan vere den harde kjernen av politikarar, dei fleste over 90 år gamle, som har pressa endringane fram i tid. Samanslåinga av dei to valutaane vart først vedtatt i 2011, men lite skjedde dei neste 10 åra.


SISTE DANS: Sommaren 2019 var det salsa i gatene i Havannas. Kort tid etter rasa heile turistnæringa saman. Foto: Nina Norton

Den tredje er at Cuba no står i den største økonomiske krisa sidan 90-talet. For eksempel fall BNP med 11 prosent i 2020 og bruttoinntekta frå turisme fall i 2020 med 80 prosent frå 2017-nivå. Mesa-Lago reknar med at skatteunderskotet i 2021 vil auke til 23,3 prosent. I tillegg har Cuba mykje gjeld. I 2015 vart Parisklubben einige om å ettergi 8,5 milliardar dollar av gjelda på 11,1 milliardar dollar. Likevel klarte ikkje Cuba å betale innan fristen i 2019, og har derfor fått sanksjonar som dei må betale i tillegg.

Den fjerde hindringa Mesa-Lago viser til er at Cuba ikkje har nokon betydeleg oppspart kapital. Det vil gjere det ekstra vanskeleg å betale for blant anna importerte varer når prisane stig.  

Mesa-Lago spør også om dette var riktig tidspunkt å samle valutaane. Tida mellom 2012 og 2016 hadde vore betre, meiner Mesa-Lago. Da gjekk økonomien betre, for eksempel fordi forholdet til Venezuela var på topp, og Obama sitt arbeid med å normalisere forholdet mellom USA og Cuba gjorde at det kom fleire turistar frå USA til Cuba. 

Avhengige av andre land

Cuba var økonomisk avhengig av Sovjetunionen frå 1960. Det fekk store konsekvensar da unionen fall, og frå 1989 til 1993 fall BNP på Cuba med 35 prosent, skriv Cuba-kjenner Vegard Bye i boka Cuba, From Fidel to Raúl and Beyond. Denne tida blir kalla Den spesielle perioden på Cuba. 

Andre ting har hjelpt økonomien på Cuba. Ved tusenårsskiftet fekk Cuba ein spesiell avtale med Venezuela som hjelpte økonomien litt opp. Ein auke i turistme frå USA har også hjelpt ein del.

Men USA har også gjort det vanskelegare for Cuba å få ein god økonomi. I januar, like før han gjekk av som president i USA, auka Donald Trump sanksjonane mot Cuba, skriv avisa El País. Og ifølge New York Times føydde Mike Pompeo nok ein gong Cuba til lista over land som fremmar terrorisme, fordi dei gir opphald til amerikanske og colombianske flyktningar, og på grunn av forholdet deira til Venezuela.

No som Joe Biden har tatt over skal han tilbake til Obama sin plan om å betre samarbeidet mellom landa, men ifølge den spanske avisa vil sanksjonane gjennom terrorisme-lista gjere det komplisert for han å få til. Styresmaktene reknar med at sanksjonane har kosta dei nesten 5,6 milliardar dollar, ifølge avisa The Independent

Tilpassinga til utanlandsk handel og import er viktig for Cuba. Øya importerer meir enn halvparten av all mat og drivstoff dei bruker. Basisvarer frå landbruk er omtrent det einaste dei produserer sjølv. 

Loading...

Loading…

Manglar medisinsk utstyr 


Marita Bjerga har jobba ved Cuba-linja på Sagavoll Folkehøgskule. Foto: Privat

– Dei skryt av verdas beste helsesystem. Det kan vere dei har det i teorien og medisinutdanninga, men dei kjem ingen veg utan utstyr, seier Marita Bjerga. Ho jobba som lærar på Cuba-linja på Sagavoll Folkehøgskole i tre år, fram til i fjor.  

På ei reise med elevar frå folkehøgskolen fekk dei merke mangelen på medisinsk utstyr. Ein av elevane tråkka over ganske kraftig. Dei drog til eit sjukehus, der dei foreslo at dei kunne gipse foten hennar. Det var det einaste dei kunne tilby, for dei hadde ikkje krykker. Det var varmt og klamt, og med gips kunne ho ikkje bade, så eleven valde å takke nei. Dei reiste mellom fleire byar på turen, og i ein annan by skulle dei prøve å få tak i gips til foten hennar likevel. Men i denne byen hadde dei ikkje gips. Det var ikkje før dei kom til Havanna at dei omsider fekk tak i eit par krykker.  

Prioriterer turistane 

Det er turistane det handlar om på Cuba. Turistar og internasjonale relasjonar er det president Diaz-Canel prioriterer, samtidig som folket svelt, er noko Bjerga har fått fortald frå cubanarar ho kjenner. Sist gong ho var på Cuba fekk Bjerga sjå eit eksempel på at dei ikkje prioriterer sine eigne. Turistar som bur i Casa får store frukostar med brød, kaffi, mjølk og frukt, medan dei lokale har større problem med å få tak i slikt. Da dei skulle prøve å kjøpe kaffi for å ta med heim klarte dei ikkje å finne det i dei lokale butikkane. Cubanarar dei møtte fortalde at dei ikkje hadde hatt kaffi på fleire veker.  

– Og kaffi er lokalprodusert, påpeiker Bjerga. 

Ei tøff tid 

Det er vanskeleg å sjå dei store gledene no. Franci veit ikkje kva lyspunkt ho kan trekke fram når vi spør om det. 

– Kva skal eg seie. Eg trur ikkje det er noko bra i desse dagar. 

Likevel er det ein ting ho er takksam for, nemleg familien sin. Det eine barnebarnet hennar på åtte månader bur hos henne, og dét er noko ho sett pris på.  

– Det er dyrebart, seier ho med varme i stemma. 

Framtida 

Kva skjer når pandemien er over? På Cuba er det til vanleg vanskeleg å vite kva som vil skje i framtida, også no. Franci anar ikkje korleis pandemien vil etterlate dei. 

– Eg veit ikkje. Det er vanskeleg å føreseie kva som vil skje.