Noko av grunnen til at Trude trivst så godt i jobben, er kontakten ho får med andre menneske. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Med himmelen som arbeidsplass

Trude Mathisen har arbeidd som kabinpersonale i over tjue år, og held deg trygg når du reiser med fly. Også i livet utanom er ho ein person å setje si lit til. 

Kabinbesetninga ventar innanfor terminal C7. Dei skal førebu seg på det som vanlegvis ville ha vore ei standard innanlandsflyging.

– Kan du ta han inntil?

Trude Mathisen står på trappa utanfor bakre inngong til flyet, like ved ein smilande Wenche Foss på den raude halen. Ein flyplassarbeidar kjem nærmare. Med hendene sine visar flyvertinna avstanden som trappa må flyttast, før passasjerane trygt kan stige om bord. 


På jubileumsflyginga nytta besetninga originale uniformar frå Norwegian si oppstart i 2002. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Hei, velkomen! 

Saman med ein kollega ønsker Trude velkomen når passasjerane traskar innover kabinen. Uniformen og den strame hårknuten utstrålar profesjonalitet. Men eit lunt smil avslører tidleg at ho også har ei menneskeleg tilnærming til jobben sin.

– Gratulerer med dagen, seier ei kvinne som kjem om bord. 

For tjue år sidan innvia flyselskapet sine første Boeing 737-fly. Trude var med på første flyginga til Trondheim, og dette er jubileumsflyginga til same destinasjon.

Med strålande blå auge og eit skinande smil vankar ingen tvil om at 46-åringen har sjarmert menneske i sine 24 år som kabinpersonale. På jobb, men også på den private fronten. 

Glad i rutinar

Huset i Lier er innramma av kvitmåla treverk med karnappvindauge på front. Ein vårleg plen står i kontrast til dei mørke trea rundt byggefeltet.


Trude er familiekjær og opptatt av at dei rundt seg skal ha det bra. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Berre kjøkkenvifta susar innanfor dei kvit- og sylvtapetserte stoveveggane. Formiddagssola treff den marineblå sitjegruppa i semska skinn, og puter i mørk appelsinfarge står pynteleg dandert, som om nokon har tatt eit karateslag med armen, midt på.

– Det å ha rutinar er viktig for meg. Heime er eg opptatt av at barna skal kome seg inn i skulerutinar nokre dagar før dei begynner etter ferien.

Trude liker å ha orden og kontroll. Koffert, dokument og uniform plar vere klar når ho skal fly morgonen etter. Men ho har ikkje like gode rutinar på alt.   

– Eg kan legge lommeboka i bilen, og så gløymer eg ho, og berre «oi, kor la eg den?». Så der er eg ganske vimsete.

Take-off

Tilbake i flyet er det god stemning å høyre. 

– Hallo! Mayday, mayday! seier Trude i ein spøkefull tone til kollegaen.

Dei ler hjarteleg. Duren frå flymotorane gjer det vanskeleg å høyre konteksten, men det er tydeleg at ingen fare er på ferde. Dette må vere det nærmaste flybransjen kjem galgenhumor. 


Trude annonserer sikkerheitsrutinane. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Trude set seg på eit klappsete som er retta feil veg i forhold til flygeretninga. Kabinen held pusten. Motorane akselererer, og flyet kjem opp i ein uhyggeleg høg fart, før hjula mister grepet og reisa held fram i luftrommet.  

Omsorgsfull

Den kvite blusen hennar har påsydde, kvite tøyblomar. Ein sølvring famnar om ringfingeren på venstre hand, og ein tynn gullring på høgre. Rundt halsen heng eit sølvhjarte. Ifølge bestevenninna har Trude eit hjarte av gull. 


Trude vert skildra som svært omsorgsfull. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Ho er typen som hugsar på dagen då far til bestevenninna døydde, då han hadde bursdag, og alltid sender ei melding desse datoane. Eller som gir bort ei nyre til mor si som den største sjølvfølge. Mor til Trude har vore sjuk i mange år, og 11. mai 2011 vart dei opererte på Rikshospitalet.

– Det var aldri tvil frå mi side, og eg såg aldri på det som noko trøblete. 

Sambuaren Lars møtte ho på eit flytreff i 2001, då han arbeidde som flymekanikar. Nokre år seinare flytta dei saman, og har no to barn.

Tid med vener er ikkje like enkelt, sjølv om dette er noko ho set pris på. Kvardagen er hektisk med jobb og familieliv. Dottera på 14 og sonen på 17 har kvar sine fritidsaktivitetar. Sambuaren meiner ho er ei streng, men rettferdig mor, og veldig snill. Ho smørar matpakkar kvar dag, og stiller alltid opp. 

– Familien betyr jo eigentleg alt, seier ho. 

Ville verte befal

Trude snakkar varmt om barndomen. Ho og broren vaks opp med foreldre som alltid var til stades, og som dei kunne fortelje alt til. 

Ho drar litt på orda, og finn ikkje så mange historiar frå ho var lita. Men ho hugsar kosebamsen Snurre, som var fast inventar då familien skulle til hytta i Gudbrandsdalen. I påsken var han med i sekken då dei stod på ski. 


Snurre er med i sekken. Foto: Bjørn Mathisen

– Eg begynte å gå på ski då eg var fem år eller noko.

Langrennsski vart det meir av i ungdommen. I tillegg dreiv ho med friidrett.

Som ung ville ho verte befal, og jobbe på båt i forsvaret. Opptaksprøvane stod for tur, men vart aldri noko av. På Wang si guiding- og reiselivslinje hadde interessa for flybransjen begynt å spire i staden. 

– Før eg begynte på Wang hadde eg nok lekt litt med tanken, men det var først då eg begynte der at eg syntest dette høyrtest kjempespennande ut. 

Moglegheita opna seg like etter at ho var ferdig, då flyselskapet Color Air tilbydde henne jobb i 1998. Då ho begynte i den noverande norwegianstillinga i 2002, hadde ho i mellomtida vore innom fleire flyselskap, i tillegg til ein sjukeheim.

Servering

Småprat og latter kan høyrast frå flyvertinnene gjennom flyturen. 

Dei førebur tralla, som er akkurat smal nok til å snirkle seg gjennom midtgongen. Stablar med raude pappkrus står klare for å glede kaffitørste passasjerar. 


Kaffi- og teservering. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– No må dykk passe på at han får, seier Trude moderleg til ein passasjertrio, der han eine søv når kabinpersonalet går forbi med kaffi og te. 

Flyvertinnene stumpar litt på veg tilbake til bakarste base. Uniformane frå 2002 krev høge hælar, men kan no erstattast med lågare sko. Mellom kaffiskjenk og landing tar ho dei av seg, og lar føtene kvile.

Dedikert

Engasjert og i tydeleg tale, fortel Trude om harde arbeidsdagar, men med stort utbytte. 

– Det er ein fin jobb å vere i. Det er jo krevjande, men samstundes gir han deg så utruleg mykje, både i form av at ein opplever forskjellige ting og at nesten ikkje ein dag er lik. 

Dette kan ho openbart snakke lenge og mykje om. Av fleire vert ho skildra som målbevisst og dedikert. Kollegaer seier at ho er flink i jobben sin, og at ho er god å støtte seg til eller å spørje om hjelp. 

Men dedikasjon gjeld ikkje berre i jobbsamanheng. Ho er framleis opptatt av å halde seg i form, og er aktiv mange dagar i veka. Sykkel er ein favoritt, og på to hjul har ho tilbakelagt strekninga mellom Trondheim og Oslo. Den kvite pulsklokka kan sjåast på armen hennar både heime og på jobb.


Trude er ikkje vant til å bruke sko med høge hælar på jobb lenger. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Frå 2012 av har Trude vore tillitsvalt i fagforeininga, og er difor ikkje like mykje i lufta som ho var i starten. Skiftarbeid og lange vakter set mindre preg på kvardagen enn før, men engasjementet for jobben kan ein ikkje seie det same om. Ifølge sambuaren er det kanskje litt for stort. Han fortel at ho ikkje klarer å legge frå seg jobb utanom arbeidstida, og at ho sovnar så snart ho set seg i sofaen om kvelden. Å gå på kino er noko dei for lengst har gitt opp, då ho oftast søv gjennom heile filmen.

Held hovudet kaldt, men er også ein overtenkar

Trude har fått reising og opplevingar gjennom jobben, og vore innom dei fleste kontinent. Men bransjen har endra seg dei siste tiåra. Tidlegare kunne ein vere med på ei flyging til Gran Canaria, og verte der ei veke. Slik er det ikkje i dag, sjølv om det kan avhenge noko av kva flyselskap ein arbeider i.

– Ein opplever mange flyplassar, men det er jo ikkje slik at ein reiser rundt for fornøyelsen si skyld, på ein måte.

Ho vil likevel seie at ho er over gjennomsnittet glad i å reise. Sjølv om jobben ikkje gir dei store ferieopplevingane, kan det likevel vere fordelar for dei reiseglade i bransjen. Dei har moglegheit til å få billigare billettar – men med ein standby-funksjon som gjer at dei ikkje kjem med om flyet er fullt.

– Det er jo litt risikosport, ler ho. 


I lufta fungerer Trude som purser, arbeidsleiaren for besetninga om bord. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Utlandet har imidlertid bydd på dramatikk i jobbsamanheng. Då ho arbeidde i Britannia Airways, begynte eit ektepar å slåss om bord under ei flyging frå Helsinki til Gran Canaria. Kabinbesetninga måtte få mannen ut av setet og halde han nede for å få kontroll på han. Han roa seg til slutt, og vart plassert på motsett side av flyet. Då dei landa, vart han henta av politiet.

I slike situasjonar har ho overblikk og held seg samla, men kan i ettertid tenke mykje på om ho kunne ha gjort noko annleis. Svaret er ofte nei.

Øyreringane dansar mellom blonde hårlokk. Stundom tar ho seg i håret, samlar det og kastar det bak akslene. Ho gestikulerer nesten heile tida, eller kviler haka på hendene.

Som heime trivst ho med rutinar i jobben. I naudssituasjonar meiner ho det er rutinane ein heng seg på, for å handtere dei korrekt. Å levere noko som er riktig og ordentleg, er ho opptatt av også elles. Ho seier sjølv at ho kan vere litt direkte, men at ho til gjengjeld kan henge seg opp i eigne kommentarar eller handlingar i ettertid.

– Viss eg seier noko feil eller gjer noko feil kan eg verte utruleg irritert på meg sjølv, seier ho.  

Det same gjeld andre vegen. Ho kan fundere på kva nokon meinte med noko dei sa eller gjorde, og vere litt nærtakande. Sambuaren seier også at ho til dømes kan verte litt fornærma dersom han kommenterer at sausen til middagen kunne ha vore betre. 


Kabinpersonalet er hovudsakleg ansvarlege for sikkerheita. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Raudnar framfor mange menneske – men ikkje på jobb

Noko av grunnen til at ho trivst så godt i jobben, er menneskekontakten. Ho seier at ein vert ein god menneskekjennar etter så mange år i lufta, og at ho trivst best med lange flygingar ettersom ho då får betre kontakt med passasjerane. 

Likevel er ho ikkje så glad i sosiale settingar med mange ho ikkje kjenner. Og trass sikkerheitsdemonstrasjonane ho har gjort framfor hundrevis av menneske gjennom arbeidslivet, har ho ei tendens til å raudne når ho står framfor ei folkemengd.

– I jobben vert det på ein litt annan måte, fordi då har eg på meg ei uniform, forklarer ho.


Uniform i raudt og blått. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Flypersonell utfører demonstrasjonar og annonseringar heile tida. Men med eit smil kan ho fortelje at også ho kan gjere feil. I forkant av ei flyging med Norwegian hadde eit British Airways-crew vorte tatt med promille. På denne tida hadde flyselskapet fritt seteval, og berre inngong framme i flyet. 

– Mine damer og herrar, vi er fulle i dag, så ver venleg og trekk bakover i flyet, annonserte ho. 

– Høyrte du kva du nettopp sa? ringte ein kollega bak i flyet.

Ho retta då opp situasjonen i ein spøkefull tone.

– Vi er sjølvsagt ikkje fulle, men vi har fullt fly. 

Landing

– Då kan vi ønske hjarteleg velkomen til Trondheim og Værnes. På vegne av besetninga takker vi så mykje for at du flyr med Norwegian i dag, og håper på eit snarleg gjensyn. 

Etter litt ventetid får utolmodige passasjerar strøyme ut. 

– Ha det. Ha det. Ha det bra, ja.